Ailin Vik frå Fitjar blei kåra til årets bilcrossutøvar i NMK VIkedal, etter ein god sesong, der ho blant anna nådde landsfinalen for junior. Foto: FP-arkiv/KR.  

Årsmøte i Fitjar Racing Team 

Fitjar Racingteam hadde årsmøte onsdag 14. februar, der dei gjekk gjennom fjorårssesongen og la planar for komande sesong. 

 

Årsmeldinga for 2017 fortel om ein aktiv klubb. Racingteamet er med i NMK Vikedal, og har eit kobbel ivrige førarar. Mange frå Fitjar har òg vore aktive som arrangørar i Vikedal og som gode støttespelarar som mekanikarar og vakter for dei som har kjørt. 

 
– Me kan vel ta litt av æra for at NMK Vikedal vart kåra til beste arrangør av NM-runde i rallycross, skriv Liv Mari Koløen i årsmeldinga.  

Racingteamet hadde ikkje organiserte dugnader, men hadde stand på Fitjarfestivalen som i 2016. Der selde dei mellom anna lodd på lotteribilen til NMK Vikedal. Fitjargjengen selde nesten 100 lodd totalt. 

 

I mars var det årskontroll i lokala til racingteamet på Rydland. Hans Kristjan Kristjanson stilte opp og godkjende dei bilane som var klare. Det var veldig kjekt at Håvard Helland var på banen igjen i rallycross. Han kjørte juniløpet i Vikedal og havna på 4.-plass totalt i klasse C i VM. Bilcrossførarane i teamet deltok på løp i Vikedal, Bergen og Hamar.

 

I bilcross junior kjørte Mari K. Lønning og Ailin Vik. I Vestlandsmesterskapet deltok Ailin på alle rundene og kom på 5.-plass totalt. Mari kjørte berre eitt løp i VM, juniløpet i Vikedal, der ho enda totalt på 24.-plass.  Ailin kvalifiserte seg til landsfinalen og gjennomførte godt der. Ho vart i tillegg kåra til årets bilcrossutøvar av NMK Vikedal.  

 

I seniorklassen kom Oliver A Matre på 6.-plass i vestlandsmesterskapet. Gisle Aarbø kom på 24.-plass og Håvard Dalen på 30. På damedagen i Vikedal deltok Elise Tufteland, Ailin Vik, Malin Tislevoll og Kari Vik frå teamet vårt. Her deltok òg ordførar Wenche Tislevoll. På klubbløpet i oktober deltok Mari K. Lønning, Knut Olav Skaar, Ailin Vik og Vegard Vik.

Ole K. Lønning har bygd seg bilcrossbil, og deltok som treningsjunior på løp både i Vikedal og Bergen.

I crosscart kjørte Anders Strand 5 løp i NM. Han kom på 6.-plass totalt og på 3.-plass i NMK-meisterskapet. Han deltok og på løp i Vikedal i september.  

Klubben har no ca. 50 medlemmer. Og dei avslutta sesongen med ein kjekk pizzafest på Fitjartun, med film frå året som gjekk og utdeling av nye løpsmapper til førarane. Styret har fungert godt og hatt fem styremøte. No ser den aktive bilsportgjengen fram mot ein ny sesong, som startar allereie 8. apri. 

Etter valet på årsmøtet ser styret for Fitjar Racing Team slik ut: 

Leiar: Sigurd André Maraas
Kasserar: Elisabeth Vågen
Skrivar: Liv Mari K. Lønning
Styremedlemmer: Ole Vidar Helland og Fredrik Helland
Varamedlemmer: Terje Heggøy og Arild Vik