Sindre Aarbø, i midten, får instruksjonar av to eldsjeler, Rolf-Atle Rolfsnes t.v. og Øyvind Skålevik. Foto: FP-arkiv/KR.

Ny o-sesong står for døra

O-løparane på Fitjar er snart klare for ny o-sesong, og o-gruppa har i år nokre nye planar som me håpar vil engasjera både unge og eldre.

Orientering er ein fin familieaktivitet, og me ønskjer heile familien velkommen til å bli med på turorientering, stolpejakt, treningar og vanlege o-løp både lokalt og andre plassar, skriv Rolf-Atle Rolfsnes i ei pressemelding.

Nybyrjarkurs

Me startar som vanleg med eit nybyrjarkurs, der me gir ei innføring i kartteikn, korleis ein orienterer kartet, og litt om kva som er viktig for å finne fram i terrenget ved hjelp av kart og kompass. Teoridelen blir i kultur- og idrettsbygget onsdag 7. mars kl. 1700– 900. Kurset held fram med praksis frå ballbingen i Rossneset onsdag 14. mars til same tid. Denne dagen blir òg «Friluft for alle-dag».

Løp & Leik

- Annonse -

I år prøver me å fornya onsdagstreningane våre litt, og kallar opplegget for «Løp & Leik». Store deler av våren brukar me Rossneset, men varierer litt kor me møtast. Me ønskjer at det skal vera gøy på trening, og vil ha ei kort stemplingsløype kvar gong. I tillegg vil me prøva å variera o-aktivitetane meir enn tidlegare.

Turorientering

Den tradisjonelle turorienteringsposen kan kjøpast på MX-Sport,Videoen og hotellet frå 24. mars. I år blir det postar på Midtfjellet, Øvrebygda/Surefjellet og i Vekslia/Svartasmoget. Det vil òg bli «grøne turar» i nærområdet – dvs. Rossneset, sentrum, Kalveid og Vestbøstad, men desse blir først klare når me har den nye stolpejakta klar i slutten av april.

Ny stolpejakt

Saman med kommunen og andre samarbeidspartnarar vil me frå 28. april vera klare med eit nytt stolpejaktkonsept. Me jobbar no med revisjon av kart over Rossneset, Stølane, sentrum og vidare mot Kalveid og Vestbøstad. I desse områda blir det sett ut 30-40 stolpar med ulike fargekodar, mange ved kulturminne. I tillegg blir det 10-15 stolpar på 5419-runden på Midtfjellet.

Konseptet:

Stolpejakta går ut på å finna stolpar sentralt plassert i ulike kommunar. Stolpane kan registrerast både manuelt, digitalt og ved å lasta ned ein applikasjon på mobilen, slik at ein kan skanna QR-koden som kvar stolpe er utstyrt med.

Stolpejakta tar sikte på å leggja til rette for å aktivisera både unge og gamle; inaktive, skuleelevar, syklistar, funksjonshemma og rullestolbrukarar – eller dei som rett og slett ønskjer å gjera seg betre kjent i byen eller distriktet. Stolpejakten er ein allmennyttig foreining som skal bidra til auka fysisk aktivitet blant folk flest i heile landet. Stolpejakta er et gratis tilbod. Kart og info vil vera tilgjengeleg fleire stader i dei ulike kommunane, samt på nettsider og i stolpejakt-appen på telefonen. Hovudkart med innteikna stolpar blir i ein del kommunar distribuert til alle husstandar.

Slik fungerer det:

 

1. Finn postar

Få tak i fysisk kart eller last ned Stolpejakten-appen gratis frå Google Play eller AppStore. Når kart er på plass, er det berre å komma seg ut og finna stolpar. Det er mange stolpar å finna fordelt på fire ulike vanskegrader.

GRØN – veldig enkel, kan finnast med sykkel og rullestol

BLÅ – enkel

RAUD – medium

SVART – vanskeleg

2. Registrer

Du vel sjølv kor mange stolpar du vil finna. Uansett er det artig å ha oversikta over korleis ein ligg an! Dette gjer ein ved å registrera stolpane, enten elektronisk med app eller via vår nettportal, eller manuelt ved å fylla inn direkte på kartet. For å registra elektronisk må ein ha ein konto.

Kvar stolpe er påtrykt ein kode og ein QR-kode. For manuell registrering noterer ein koden rett på kartet, som seinare kan sendast inn. For elektronisk registrering brukar ein enten Stolpejakten-appen for å skanna QR-kodar, eller registrerer koden i din konto på nettportalen.

3. Vinn premiar

Kvar registrerte stolpe gir deg eit lodd i trekninga av flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i ditt nærområde. Dine vinnarsjansar aukar altså med talet på registrerte stolpar. Ved å registrera stolpane elektronisk er du automatisk med i trekninga. Ved manuell registrering må kartet sendast inn til påtrykt adresse.

Finn fram-dag

Også i år legg me opp til Finn fram-dag med «Ordførarens tur». Dette blir i Rossneset 29. april med start frå idrettsparken. Det blir turquiz og stemplingsløype i tillegg til sal av pølser, kaker, kaffi m.m.