Ordførar Wenche Tislevoll klipper over ei grein med brakasaksa og erklærer gapahuken for open. Foto: Kjetil Rydland. 

Høgtideleg opning av gapahuken

Ordførar Wenche Tislevoll stod for den høgtidelege opninga av gapahuken ved Kidnavatnet, og det vanka gode ord frå alle hald då folk frå Fitjar kommune, Fjellsameiga, Stord Fitjar Turlag og Midtfjellet Vindkraft møttest til drøs i går ettermiddag.

 

Dei sentrale aktørane i utnyttinga av fjellet la vekt på synergieffekten av at alle gode krefter jobbar saman til felles glede i fjellet. 

Bilvegen til Olstjødno har gjort fjellet tilgjengeleg

Ordførar Wenche Tislevoll la vekt på tiltaksnemnda sitt arbeid for å gjera fjellet tilgjengeleg for friluftsliv etter utbygginga av vindmølleparken i Midtfjellet. Under opningstalen sin la ho fram ein del av dei vidare planane, som etter kvart vil bli realiserte i samarbeid mellom Fitjar kommune, Fjellsameiga og Midtfjellet Vindkraft. Ho minte om at det hadde skapt ein heilt ny situasjon då dei fekk opna bilvegen frå Rimbareid til Olstjødno i juni 2016.

– Hadde me ikkje fått det til, hadde me nok ikkje stått her i dag, meinte ho. 

Takk til eldsjeler og økonomiske støttespelarar

Kjøpmann Odd Sverre Larsen er ein av eldsjelene bak både gapahuken og andre tiltak i fjellet. Han gjorde greie for ein del av tiltaka som Stord Fitjar Turlag har sett i verk sidan sommaren 2016. Det har blitt laga nytt turkart over Stord og Fitjar, stiar har blitt merkte, og det har blitt sett opp skilt.

Han sparte ikkje på lovorda over Toralv Røen og andre eldsjeler som har jobba dugnad. Og takka for økonomisk støtte frå Fitjar Fjellsameige, Fitjar kommune, Midtfjellet Vindkraft, Gjensidigestiftelsen via Hordaland fylkeskommune og spelemidlar frå Norsk Tipping. 

 

Fjellsameiga har fått musklar, og vil gjerne bidra

Leiaren i Fitjar Fjellsameige, Harald Rydland, nytta høvet til å ønskja Stord Fitjar Turlag lukke til med prosjektet, det er viktig både for trivsel og omdømme, pekte han på. Han representerer rundt 200 bønder som eig over 37 000 dekar i fjellet.

Tradisjonelt har dei berre vore opptekne av sauebeite og jaktkort, men etter at Midtfjellet Vindkraft kom på banen, har dei fått økonomiske musklar til å vera med på fleire gode prosjekt i fjellet, som nydyrking, friluftsliv, beite, jakt og fiske.

– Me blir gjerne med på dugnad og spleiselag, sa han. 

 

Takk til Tya!

Eldsjel, gapahukbyggjar og kaffikokar Toralv Røen avslutta den offisielle delen av programmet med nokre velvalde ord om Tore Sigurd Fitjar: 

– Me må ikkje gløyma Tya – utan han hadde me aldri fått opp denne gapahuken!

 

  


Eldsjela Toralv Røen har hovudæra for at gapahuken ved Kidnavatnet kom opp så kjapt. Foto: Kjetil Rydland. 


Odd Sverre Larsen skjenkjer i kjøttsuppe til leiar i Fitjar Fjellsameige, Harald Rydland. Foto: Kjetil Rydland.
 


Kjende turfolk frå Stord og Fitjar nyt kaffien til Toralv Røen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fin stemning i og ved gapahuken i går ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.