Kari Steinsland Vik blei attvald som leiar i fotballgruppa. Foto: Kjetil Rydland.

Årsmøte i fotballgruppa

På eit roleg årsmøte i fotballgruppa i Fitjar Idrettslag blei Kari Steinsland Vik attvald som leiar.

 

Under kveldens årsmøte la styret i fotballgruppa fram ei årsmelding som bar bod om god aktivitet. Og hausta velfortent ros frå møteleiar Per Bergesen.

Styret har hatt eit godt samarbeid, og dugnadsånda i Fitjar Idrettslag er god. Fotballgruppa har som vanleg avvikla Spar Fitjar Cup og Tine Fotballskule med stor deltaking. Fleire lag har delteke på ymse cupar, som Husnes Cup, Eat Move Sleep Cup, Bø Cup, Regy Cup, Zinken Cup og Norway Cup. 

I fjorårssesongen kjempa A-laget på herresida lenge for å unngå nedrykk, men takka vere ein bra haustsesong berga dei plassen i 5. divisjon. Ny trenar av året er Leif Didrik Steensohn, som har fått med seg Sondre Nesbø Aarland som assistent. Damelaget har slite med å stilla lag, men har stort sett klart å avvikla alle kampane. 

Rekneskapen viste eit underskot på 128 086 kroner, som skuldast både sviktande sponsorinntekter og ymse uføresette utgifter. Men balansen syner at økonomien i fotballgruppa er solid.

Elin Siglen og Sonja Fitjar Waage i valnemnda la fram forslag til nytt styre. Dei hadde slite med å få tak i folk, men årsmøtet fekk likevel valt eit komplett styre. Etter valet ser det nye styret i fotballgruppa slik ut: 

Leiar Kari Steinsland Vik (attval), seniorleiar Terje Tislevoll (ikkje på val), ungdomsleiar Birthe Steinsland (ikkje på val), minileiar Gro Hatlevik (ikkje på val), rekneskapskontakt Stein Helge Simonsen (ny to år), skrivar Sondre Nesbø Aarland (ny to år), styremedlem Sigbjørg Vestbøstad (ikkje på val), varamedlemmer Gunn Evy Henriksen og Johnny Helland (attval to år). 

 

 

Og slik såg styret ut i 1989: