Sigurd André Maraas, ivrig karateutøvar frå Øvrebygda. Foto: FP-arkiv/KR. 

Sveitte karatefolk til Karmøy på samling

Fitjar har hatt ein heil pelotong karateutøvarar på treningssamling på Karmøy med topp instruktørar i helga som var. 

 

– Til og med Sukhwinder fekk køyrt seg godt! seier Sigurd André Maraas etter ei strid tremingshelg på Karmøy.

 

Den ivrige karateeldsjela Sukhwinder Koløen frå Helland kviler sjeldan i utrengsmål. Denne helga hadde han fått med seg ein liten pelotong med ovbygdarar og andre fitjarbuar som ville læra meir karate. 

Treningshelga gjekk av stabelen på Stangeland ungdomsskule i regi av Karmøy Shotokan Karateklubb. Dei hadde fått tak i tre av dei mest framståande karateinstruktørane i landet. Arild Damm, Jose dos Santos og Helge Sæle. 

Tidlegare landslagssjef Jose dos Santos sensei er 6. Dan, Damm sensei er 5. Dan og Sæle sensei er 6. Dan. Sistnemnde har no trent karate i ført år, fortel Maraas. – Det er alltid inspirerande å trena med medlemmar frå Teknisk Komité, seier Sigurd André Marass, kjempeskøy og inspirerande for ein halvgammal mann!

 

Frå Fitjar stilte familien Frank Solli, Sigurd og Victoria Maraas, Nils Arve Helland, Heidi Maraas og Sukhwinder Koløen. Det var òg folk fra Bømlo, Stord og Bergen. Det var likevel ikkje fleire enn at alle fekk god oppfølging og detaljerte instruksjonar på nært hald. Her hadde alle godt utbyte, uavhengig av kva beltegrad dei hadde. 

Alt i alt, terningkast seks! seier ein sveitt og sliten Sigurd André Maraas til Fitjarposten.

 


Heile gjengen som var samla på karatesamling på Stangeland ungdomsskule i helga. Foto: Privat. 

ormoni steroidei