Denne genseren er for liten til meg, seier Ole Træet; du kan få han tilbake om du kjem heim til meg. Foto: Kjetil Rydland.

Er det din genser?

Ole og Gerd Træet har fått i hende ein Fitjar IL-genseren som var etterlaten i Solid-huset, og no vil dei bli kvitt han.

 

Gerd og Ole Træet fortel at dei har teke vare på ein fin, liten Fitjar IL-genser. Han har blitt etterlaten i Solid-huset og kom heim til Fitjar etter den siste treningskampen A-laget hadde mot Solid.

 

Dei synest genseren er altfor fin til å bli kasta, og håpar eigaren melder seg. Som det går fram av biletet, er genseren altfor liten til Ole Træet. Eigaren kan få tilbake genseren sin ved å venda seg til Gerd eller Ole Træet.