På austsida av Kidno, med utsikt mot Mehammarsåto og Stordafjellet. 

Silkeføre i fjellet!

I helga har det vore draumeforhold i Fitjarfjellet, til stor glede for oss som har oppdaga det.

 

Med tanke spesielt på dei som ikkje har late seg overtyda om kor flott det er i fjjllet, legg me i dag ut ein del bilete frå ein tur rundt Kidno, langs Svartavatnet, Mosavatnet og Botnavatnet.

 

Sjeldan eller aldri har me sett slike snøforhold i Fitjar, noko bileta bør gi eit klart inntrykk av. 

 


Oppstigning frå Kjeringjo mot Mosavatnet. Foto: Kjetil Rydland. 


Utsikt sørover Mosavatnet mot Kidno og litt av Klovskar i det fjerne. foto: Kjetil Rydland.  


Mosavatnet frå sør. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Mosavassheiane. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Flott utsikt mot Stordafjellet og sjeldne snøforhold i utforkjøringa frå Mosavassheiane mot Botnavatnet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dagens første fall, sjølv den beste kan feila.