Det går mot slutten for Filialen Dagelegvarer på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Opphøyrssal på Joker

I morgon startar opphøyrssalet på Joker Rydland, og dei fleste varene går for 50 %. 

 

Det annonsete opphøyrssalet i Joker-butikken på Rydland startar i morgon, og vil vara mellom éi og to veker. Sølvi Korsvik seier at ho håpar folk ser sitt snitt til å gjera ein god handel, og at dei får ut mest mogleg av varene på kort tid. 

For oss som har trudd på julenissen, at han ville koma og berga butikken i siste liten, ser det altså mørkt ut. Det kan sjå ut som om det blir slutt på butikkdrift på Rydland etter nesten 70 år med nesten samanhengande butikkdrift.

Eller har me lov å håpa at butikken skal reisa seg igjen som ein Fugl Føniks or oska?

 


Stor trafikk på Rydland måndag morgon. Foto: Kjetil Rydland. 


Den enes død, den annens brød… Mange nytta høvet til å gjera eit godt kjøp i morgontimane. Foto: Kjetil Rydland.