Ville ikkje innføra gebyr på faktura

Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Onsdag var dagen for årets første formannskapsmøte i Fitjar kommune. 

Tidleg i møtet kom saka om innføring av gebyr på papirfaktura. Utgiftene til porto har stige svært mykje siste åra. I 2015 var kostnaden kr. 98.000, i 2016 kr. 108.000, og i 2017 var sluttsummen kr. 167.000!

I framlegg til vedtak var det lagt opp til at nokre område skulle sleppa gebyr: Foreldrebetaling barnehage, sjølvkostområda, dagopphald og korttidsopphald i institusjon. Framlegg til gebyr var sett til kr. 40.

I debatten var politikarane samde om å sjå på nye rutinar først. Agnar Aarskog, Ap, meinte at fleire vil ha papirfaktura framleis. Tenk sending av samlefaktura,  og/ eller avgrensa til kvartalsvis utsending. Dette utspelet fekk støtte frå dei andre. Men dei ville ikkje stoppa der. Det er svært viktig å få fleire over på E-faktura. Dagfinn Brekke, KrF, lanserte premiering. Kva med premie til dei som går over til E-faktura før ferien? Arne Prestbø, H, meinte det burde gjerast ei ny vurdering på kven som skal få fritak for gebyr, og at innbyggjarane må få informasjon og positive oppfordringar til å gå over til E-faktura så snart som mogeleg. På bakgrunn av debatten trekte rådmannen saka. Me må sjå litt meir på dette, sa han. Sigurd Andrè Maraas, Frp, meinte det var rett å trekkja saka. Eg tenkjer på eit sitat, kanskje frå Ole Brumm, heldt han fram: «Det så bra ut inne i hodet mitt, men så skjedde det noe på veien!»   

Høyring om intervall for levering av post

I same møtet kom ei høyringssak som gjeld framtidig postombering. På grunn av at samfunnet vårt vert meir og meir digitalisert, er postmengda dramatisk redusert. I 1999 hadde Posten 1.800 mill. sendingar av brev, småpakkar og aviser. I 2017 var mengda redusert med rundt 60 % til rundt 600 mill., og ein prognose seier at i 2025 er reduksjonen ytterlegare 46 %, til 400 mill. sendingar.

Høyringsdokumentet frå Samferdsledepartementet slår fast at postombering fem dagar i veka ikkje er berekraftig i framtida, og skisserer fleire modellar. Modellen med ombering tre dagar i veka er den beste på kort sikt. Der det er postboksanlegg, vert det ingen endring. Der vert det levert post fem dagar i veka. Saka går vidare til kommunestyret.

Førebels rekneskap 2017

Rådmannen la fram førebels rekneskap, som synte eit mindreforbruk, overskot, på 3,75 mill. før avstemming av balanse. Det er eit svært godt resultat.

Oppstartsvedtak investeringar

I budsjettmøtet i desember vart det vedteke investeringar for vel 31,1 mill. i 2018. Det skal finansierast med nytt lån på 28,07 mill., tilskot og sal på 2,4 mill. og  kr. 660.000 ved bruk av fond.

I dette møtet bad rådmannen om oppstartsvedtak på 14 mindre tiltak, til saman  4,21 mill.

Formannskapet som styringsgruppe for framtidig bruk av Smedholmen

Staten ved Miljødirektoratet (MD) som eigar tar økonomisk ansvar for restaureringa slik at bygningane på Smedholmen kjem opp på eit forsvarleg nivå. Forsvarsbygg kulturminneseksjonen er engasjert av MD  for å hjelpa Fitjar kommune med oppgraderinga. I framtida skal bygningane og eigedomen først og fremst koma ålmenta til gode. Planen er at ein kan vera i gang  med ny driftsform i byrjinga av 2019. 

Ein vil starta med å ha informasjonsmøte om prosjektet for utvalde lag og organisasjonar og andre relevante instansar. Det vert så lagt opp til utarbeiding av framtidig driftsform og bruk av Smedholmen. Kommunen vil deretter peika ut personar som skal vera med i ei arbeidsgruppe som skal utvikla prosjektet vidare. Mandatet til arbeidsgruppa vil vera: Driftsform, bruk, økonomi, transport med meir. Formannskapet, som kulturutval, vert styringsgruppe for arbeidsgruppa og får regelmessig rapport om arbeidet. Kultursjefen er prosjektansvarleg. 

Kommunevåpen og -flagg

Som kjent har Fitjar sitt kommunevåpen aldri vore godkjent etter heraldiske reglar, som tidlegare styrte utforminga. Politikarane i Fitjar har fleire gonger tidlegare konkludert med at kommunevåpenet likevel ikkje skulle endrast. Den einaste konsekvensen ved å ha eit «ikkje godkjent», var at ein ikkje kunne flagga med det ved kommunale bygningar.

Så kom det heldigvis endringar: Stortinget vedtok samrøystes 11. desember 2017 «Endringer i kommuneloven og lov om flagging på kommunale bygninger, forenklinger i regelverket for kommunevåpen og kommuneflagg», som vart gjeldande  frå 1.januar 2018. 

Ansvaret for å godkjenna både kommunevåpen og kommuneflagg vart då overført til kommunestyret. I Fitjar rår formannskapet kommunestyret til å gjera følgjande vedtak, for å godkjenna det kommunevåpenet me har i dag:

  1. Kommunevåpen blir: På blå botn, vikinghjelm i gull sett frå framsida, våpenskjold med kvit borde og gullkrone på topp. 2. Kommuneflagg blir på kvit duk, sentrert våpenskjold over kommunenamn i blått. 3. Vedtaket er fatta med heimel i kommunelova § 3.6.