Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport)

OL-gull nesten til Fitjar!

Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget inn til gull, med god margin føre Sør-Korea.

 

Det norske laget bestod av Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen. Reserve på laget var bergensaren Sindre Henriksen. Sistnemnde er mannen som bør få oss til å jubla litt ekstra; han er nemleg som halvt fitjarbu å rekna. 


Sindre jublar over OL-gull saman med lagkameratane Sverre Lunde Pedersen, Håvard Bøkko, Simen Spieler Nilsen og trenar Sondre Skarli. (Skjermdump Eurosport)

 

Som kjent gav han frå seg plassen sin til Håvard Bøkko føre dagens semifinale, etter å ha vore misnøgd med eigen innsats i lagtempoen på søndag. Men også fjerdemann får medalje, og dermed kan me utropa ein halvt fitjarbu til gullvinnar i vinter-OL!

 
Sindre er oppvaksen på Nattland, men har mor frå Os og far frå Fitjar. Jarle Henriksen er eit kjent andlet for idrettsinteresserte i Fitjar. Etter å ha vore støttespelar på A-laget til Fitjar i fotball i fleire år blei han ein av dei beste mellomdistanseløparane i landet då han flytta til Bergen.

Til dei som ikkje hugsar kva me skreiv for to år sidan, då Sindre var i Sør-Korea og vann bronsemedalje i VM, minner me om at han har Sterke røter i Fitjar

 

Me kan slå fast at dette er det nærmaste Fitjar har vore ein gullmedalje i vinter-OL. Me gratulerer foreldra Janneche Monsen og Jarle Henriksen, og ikkje minst Sindre sjølv med ein eineståande innsats!