Her set Helga Rimmereid i Fitjar fjellsameige gravemaskinskuffa i den gode jorda på Blekjet, i byrjinga av oktober 2016. Foto: FP-arkiv/KR.

Fjellsameiga ventar med vidare dyrking på Blekjet

Sluttrapporten etter forprosjektet på Blekjet viser at det ikkje er rekningssvarande å dyrka meir utan tilskot, og Fitjar fjellsameige vil førebels ikkje gå vidare med dyrking i området vest og sør for Olstjødno.

 

Dei siste åra har den gamle draumen om å dyrka Blekjet blitt vekt til live att, og Fitjar fjellsameige har dei siste fire åra arbeidd med prosjektet. Det har vist seg at bønder i Fitjar er svært interesserte i å ta i bruk det 400–500 mål store området til jordbruksproduksjon. Med utbygginga av vindkraft i Midtfjellet har området rundt Olstjødno blitt lett tilgjengeleg. 

 


Potetplukking på Blekjet i oktober 2014. Lars Ove Rimmereid, Kristian Skumsnes og Lars Dalen blei velsigna med godvêr då dei plukka nærmare 400 kilo poteter i vindmølleparken. Foto: FP-arkiv/KR.

I 2014-2015 blei det gjennomført eit forprosjekt med tre teigar kvar på eitt mål. Resultata av dette prosjektet var positive. Jordprøvane viser at området er godt eigna for dyrking. Ein kan forventa nesten like bra gras- og potetavlingar som nede i bygdo. 

 
I 2016 blei det tyrka to store felt, eitt på 20 mål og eitt på 29 mål, begge rett vest for Olstjødno. Leiaren i Fitjar fjelssameige, Harald Rydland, seier at det var eit nyttig prosjekt for å visa den reelle kostnaden ved dyrking av store areal på Blekjet. Diverre viser det seg at det ikkje er rekningssvarane å dyrka der oppe utan tilskot.

Dermed er det ikkje interessant for Fjellsameiga på det noverande tidspunkt å dyrka vidare. Jordleiga vil bli for høg. Rapporten frå forprosjektet viser at det trengst eit tilskot åtte-ti tusen kroner per mål for at det skal vera rekningssvarande. Harald Rydland skulle ønskja at det lèt seg gjera å dyrka vidare likevel, men er skeptisk til å rekruttera ungdom til å jobba dugnad, som han uttrykkjer det. 

 
Leiaren i Fjellsameiga ser likevel ikkje vekk frå at det kan vera nokon som synest det er så kjekt å dyrka at dei vil vera interesserte likevel. I så fall vil Fjellsameiga kunna leiga vekk råareal som folk kan dyrka for eiga rekning. 

Den rutinerte lokalpolitikaren ser for seg at dei vil jobba politisk for å få på plass nydyrkingstilskot. Men dette må nok inn som ein del av Landbruksavtalen, trur Rydland. Han legg til at Fjellsameiga ikkje har tapt noko på forprosjektet på Blekjet, då dei fekk tilskot frå Hordaland fylkeskommue, Fylkesmannen i Hordaland og Smith Sivertsens fond. 

På årsmøtet i Fjellsameiga i mars vil det ikkje bli lagt fram noko konkret forslag, seier Harald Rydland. Og legg til at han ikkje ser for seg å gå vidare med dyrkingsplanane. Men saman med styret i Fjellsameiga vil han bruka det komande året til å få inn gode idear til korleis ein kan nytta det lovande området på Blekjet, 

 


Utsikt mot dyrkingsfeltet frå sør. Foto: FP-arkiv/KR.