Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka. 

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje

Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil difor kjenna til dei store kunstnarlege kvalitetane deira.

Det er Eli N. Simonsen i temagruppa i Fitjar kyrkje som kjem med denne gladmeldinga. 

Pianisten Turid er utdanna ved Bergens Musikkonservatorium som klaver- og songpedagog. Ho har òg eksamen frå Royal College of Music and Drama. Som om ikkje det var nok, har ho diplomeksamen frå Norges Musikkhøgskole. I 1976 debuterte ho i Universitets Aula i Oslo. Ho har vore solist med dei fleste symfoniorkestera i landet, delteke under Festspela, på Troldhaugen og turnert i inn- og utland. Ho har elles vore aktiv som kordirigent og songar.

Ho har tidlegare vore tilsett ved Musikkonservatoriet i Trondheim. No er ho fyrsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen kombinert med at ho er lektor Kongshaug Musikkgymnas.

Dottera Sigrun er sopran. Ho er utdanna klassisk songar og pedagog frå Griegakademiet i Bergen. Ho har m.a. vore solist i Matteuspasjonen (Kverno), Juleoratoriet (Saint-Säens) og ei rekkje Bach-kantatar. Sigrun har òg jobba mykje med reine salmeprogram, og ho tek f.t. timar hjå kvedaren Berit Opheim. Ho har vore innleigd som songar i Edvard Grieg Kor, dessutan er ho sopran i det nyetablerte ensemblet Tabula Rasa, ei vokalgruppe som fokuserer på formidling av ny vokalmusikk.

Sigrun er òg sterkt engasjert i barnekorarbeid og er aktiv som dirigent i Ung Kor (Bergen barnekor) og i Slettebakken kyrkje.

Me kan venta oss eit program med musikk av J.S. Bach og norske folketonar knytt saman rundt diktet «Guds hjerte» av Rolf Jacobsen.

Me ser fram til ein sjelevarmande kveld med kvalitet av høgste merke! skriv Eli Simonsen i pressemeldinga, velkomne!

 


Sopranen Sigrun Jørdre, klassisk songar og pedagog, er dotter til Turid Bakke.