Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.
God handballdag
Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både heime og borte.
Dei som hadde høve fekk sjå mykje god handballaktivitet i idrettshallen laurdag føremiddag.
Gutane i tiårsklassen spelte først ein kamp mot Kvinnherad, der dei tapte 6-12 og så mot Askøy 3, der tapet blei så knapt som 10-11. Handballeiar Liljan V. Waage melder om mykje god og spennande handball av dei unge Fitjar-gutane.
J14 tapte 9-15 mot Bjarg 3, etter at dei hadde slite framover på banen mot ein god Bjarg-keeper. Men forsvarsspelet var fantastisk, og alt i alt gjorde jentene ein god kamp, seier Liljan.
I tillegg hadde Fitjar eit jentelag i elleveårsklassen i aksjon på Stord. Dei vann 20-6 over Stord og tapte 8-17 for Kvinnherad.
Gutane i tiårsklassen spelar heime i FKIB laurdag føremiddag. Foto: Privat.