Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto) 

Handballdamene vann klart over botnlaget

Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned til botnlaget i 5. divisjon.

 

Damene våre ser ut til å vera i ferd med å krabba opp og vekk frå botnplassen i 5. divisjon. I dag blei det ein ny siger, då Lyngbø gjesta idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Dermed blir dagens motstandar liggjande heilt på botn, medan Fitjar-damene er midt på den svært jamne tabellen. situasjonen. 

 
Gjestene kom best i gang og hadde leiinga ei stund i byrjinga av kampen. Men snart kom Fitjar à jour. Og etter at Anita Haugland hadde gitt heimelaget leiinga 7-6 etter vel eit kvarters spel, såg ikkje dei grønkledde seg tilbake. 13-9 ved pause blei til 26-19 før sluttsignalet gjekk.

 
Toppscorar i dag blei Randi Thorland med tolv mål, medan Ingvild Rimmereid scora seks gonger. Etter dagens to poeng ligg Fitjar på femteplass på tabellen i 5. divisjon avd. 02, men fleire lag like bak har spela færre kampar. Botnlaget Lyngbø blir liggjande på nedrykksplassen med sine sju poeng.  
 

Fitjar sitt lag mot Lyngbø (mål i parenes): Mariell H. Stølås (k), Randi Thorland (12), Martine Fredlund, Anita Haugland (4), Emilie Aaserud Hystad (1), Maria Grastveit Larsen (1), Ingvild Rimmereid (6), Frida Sunniva Mikalsen,Marte Lie Børve, Marit Thorland Helland (2).