Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland.

Quiz for historiebøkene!

Fredagskveldens quiz på Fitjar Fjordhotell enda med favorittsiger til «Team Siglo», men vil nok bli mest hugsa for bildet av Jostein Siglen på bildequizen, det var berre han og lagkameratane hans på vinnarlaget som ikkje kjende att ein ung Josten.

 

Quizen på Fitjar Fjordhotell enda som vanleg med eit nappetak mellom «Hanen og Hønene» og «Team Siglo», og sistnemnde vann ein relativt klar siger. Heller ikkje denne gongen greidde Magne Skumsnes og dei unge og framstormande etterkomarane hans å vippa dei to beste laga av vaglet.

Men det er ikkje dette gårsdagens quiz vil bli hugsa for. Etter at motstandarane hadde sett siglarane segla frå gjennom dei vanskelege spørsmåla frå Arne Raunholm – og endå vanskelegare spørsmål i musikkqizen som hotellstaben varta opp med – skulle «Team Siglo» berre setja krona på verket med bildequizen. Den plar dei ofte avgjera konkurransen med. I går såg det ekstra enkelt ut, då «Hanen og Hønene» mangla skikkelege ungdommar på laget. Den yngste dei kunne varta opp med, var den nyslegne 50-åringen Lars Ove Rimmereid.

Her heldt siglarane på å leggja det store egget. Ein ung, blåkledd Jostein Siglen var med på bildequizen, og blei straks identifisert av lagkameratane hans som … Nils Hetleflåt! Ei litt flau og ikkje minst letta gjeng med siglarar hadde heldigvis nok å gå på, og kunne likevel jubla over ein ny siger. Og no kan dei kvila på det øvste quizvaglet ein heil månad, til neste nappetak på Fitjar Fjordhotell.