Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen

Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei med seg som trassa ruskavêret og møtte opp i Kultursalen torsdag kveld, då Fitjar skulekorps skipa til marknad.

 

Under marknaden til Fitjar skulekorps i Kultursalen torsdag kveld fekk me eit nytt prov på at det gror særs godt i det lokale musikklivet. Og publikum møtte trufast opp, det blei overfylt i Kultursalen rundt dei ni bordrekkjene som arrangøren hadde sett opp. Det måtte ei aldri så lita «ombelering» til for å få plass til alle.

 

Og det forventningsfulle publikummet blei ikkje skuffa. Skulekorpset og dei vaksne i Fitjar Musikklag varta opp med det eine flotte nummeret etter det andre. Dirigent Svein Roger Koppang var som vanleg i storform, og hadde først gleda av å presentera seks av aspirantane i skulekorpset. Dei framførte «Lille katt» og «Funky kids» til stor glede for foreldre, besteforeldre, søsken og alle oss andre. 

– Me er stolte av aspirantane våre, og korpset veks, sa ein smilande dirigent. 

Dei modne skulemusikantane framførte eit variert program med god korpsmusikk, blant anna frå ABBA-prosjektet som dei skal framføra saman med Fitjar Musikklag 13. og 14. april. To grupper andreklassingar frå Rimbareid skule fekk vist kva dei hadde øvd på med Svein Roger Koppang dei siste fem vekene, i prosjektet «Blås i skulen». Dei unge, ivrige musikantane fekk kvar sitt velfortente diplom og sjokolade av skulesjef John Karsten Raunholm.

Me kan berre stemma i med Arnhild Jordan Raunholm som stod for utdelinga:  – Håpar de har blitt inspirerte og vil halda fram!

Ledig og humoristisk konferansier var Terje Træet, som takka alle som hadde late hagearbeidet venta, og i staden prioriterte marknaden til korpsmusikantane våre. Dei vaksne i musikklaget stod for basaren, der me kunne kjøpa årar både med kontantar og Vipps. Og musikklaget avslutta konserten med blant anna ein ABBA-medley og musikk frå musicalen Cats. For ein amatør var det som vanleg gildt å høyra på, vonleg også for dei meir kresne

Me takkar musikantane våre for ei vel gjennomført tilskiping, og gler oss allereie til neste opptreden. 

 


Seks av dei sju lovande aspirantane spela under taktstokken til den populære dirigenten Svein Roger Koppang. Foto: Kjetil Rydland.

 


Eskild Skram Isdahl og dei andre elevane som har vore med på prosjektet «Blås i skulen» sparte ikkje på engasjementet, og fekk vist at det gror godt i musikklivet i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Pernille Drønen Brenne har eit stykke fram til ho når Svenna Koppang sitt nivå, men det skal ikkje stå på treningsiveren. Foto: Kjetil Rydland.
 


Ei smilande Kristin Vestbøstad freista med lappar i kiosken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Maren Rydland var blant dei heldige som vann på årane sine. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Liv Hanna og Svein Olav Raunholm trur knapt det dei ser, og innkasserer den eine gevinsten etter den andre på årane sine. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Konferansier Terje Træet takka alle som hadde late hagearbeidet venta for å bli med på marknaden til korpsmusikantane. Foto: Kjetil Rydland.