Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.

Teiknspråk engasjerer!

I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på kurs i teiknspråk i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Kurset blir arrangert av Fitjar frivilligsentral i samarbeid med Fitjar kommune, og Ellinor Bergesen har stått for det administrative. Kursleiarar her vore Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes. Førstnemnde er teiknspråktolk med bachelor i faget, medan Ellen er lærar med tilleggutdanning i teiknspråk.

Dei to instruktørane snakka kvar sin variant av teiknspråk, Ellen snakka trødersk medan Eli-Sigrun snakka ein vestlandsdialekt, men det var neppe nokon av kursdeltakarane som høyrde forskjell på dei to. 

I løpet av dei fem kurskveldane på Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk 25 damer i alderen åtte til 60 år – og éin mann på godt over 60 – ei grunnleggjande innføring. Utan å fornærma nokon av dei litt eldre deltakarane kan me nok slå fast at dugleiken viste seg omvendt proporsjonal med alder. Ein del av dei yngste elevane viste ein imponerande evne til å få med seg det som instruktørane viste fram. Men så har dei unge jentene òg litt erfaring med teiknspråk frå før.

Dei to engasjerte lærarane tok det frå botnen av, då dei fleste kunne lite teiknspråk. På «pensum» stod alfabetet, ord for fargar, hus og heim, reiser, dagane i veka, stadnamn, kjensler, klokka, fritidsaktivitetar, ymse sportsuttrykk, tal og datoar på teiknspråk.

Og heilt til slutt siste kvelden blei det skipa bingo med tal som blei «lesne» opp på teiknspråk. Og det var berre rett og rimeleg at det var ein av dei yngste og svært flinke jentene som stakk av med premien!

 
Ellinor Bergesen fortel at ho er overvelda over interessa for teiknspråk i Fitjar. Kurset var ope for alle, ikkje noka spesiell målgruppe. Det var mynta på folk som kan ha bruk for det blant vener eller familie på fritida eller i skulen.

Det viste seg at det var så mange som melde seg, at ho måtte til med venteliste. Kanskje det vil by seg eit nytt høve snart – i så fall vil me oppmoda fleire menn om å melda seg på!

 


Åtteåringane Tone Simonsen, Angelica Træet og Emma Vestbøstad har ein del erfaring med teiknspråk, og dei er blant dei flinkaste på kurset. Her syng dei ein song på teiknspråk. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Skal tru kva Tilde snakkar med mor om her? Foto: Kjetil Rydland. 


Emma Vestbøstad viser teiknet for hue. Foto: Kjetil Rydland.