Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen

Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Før jul vart det kjend at Hrafn Thorsteinsson ville trekkje seg som leiar av Fitjarfestivalen etter to år. Det vart ein kort periode vanskeleg å finne overtakaren til Thorsteinsson, men no er situasjonen avklart.

Styret har kome fram til at Inger Elin Helland blir leiar av årets festival.

– Dette er ein skikkeleg erfaren dame med ein utruleg kapasitet. Så dette er den rette personen til å ta over, seier Hrafn Thorsteinsson.

Helland har hatt ansvaret for restaurantteltet og maten i fleire år, og har også vore med i styret. Ho hadde også ei rolle under matfestivalen i Leirvik sentrun i fjor haust.

– Ho kjem til å få med seg mykje gode folk, og så kjem ho til å lage undergrupper der dei faste styremedlemme får ansvar for si undergruppe. Eg har også høyrt rykte om at dei er godt i gang med å booke artistar, fortel Thorsteinson.

Til dagleg jobbar Helland som kokk i Nordsjøen, og ho var difor ikkje tilgjengeleg for ein kommentar torsdag.

Thorsteinson er no heilt ute av styret, men er open for å hjelpe til dersom styret ber han om det.

– Eg har sagt at eg kan ta av meg næringsseminaret dersom styret vil det.

Han trur det er lurt at det leiarvervet går litt på rundgang.

– Det er nok lurt både for festivalen og for leiaren at det ikkje vert så mange år om gangen.