Toppscorar for Fitjar mot Sandviken, Randi Thorland, gjer seg klar til å ta straffekast.  Foto: Kjetil Rydland.

Viktig siger for handballdamene

Fitjar sine handballdamer sleit seg til ein eittmålssiger heime på Fitjar søndag kveld, då damene frå Sandviken blei sende over fjorden med 20-19 i den sure handballbagen. 

 

Etter tap for botnlaget Nordre Fjell sist helg var Fitjar heilt på botnen av tabellen i 5. divisjon. Derfor var det berre siger som gjaldt for Fitjar-damene då dei møtte Sandviken på heimebane i Fitjar kultur- og idrettsbygg.


Ingvild Rimmereid og dei andre handballdamene reiste seg og vann det jamne oppgjeret mot Sandviken. Foto: Kjetil Rydland.

 

Damene våre såg ut til å ha forstått alvoret i situasjonen, og kom godt i gang mot gjestene frå Bergen. Heile første omgang blei jamspelt, gjerne med Fitjar eit hestehovud føre, og heimelaget kunne gå til pause med 9-8-leiing.

 

Etter pausen heldt Fitjar fram med det gode forsvarsspelet, og keeper Mariell H. Stølås hadde fleire fine redningar. Ei stund var Fitjar oppe i ei tremålsleiing, og såg ut til kunna dra frå motstandarane sine. Men så svikta konsentrasjonen i forsvar, og gjestene gjekk opp i ei eittmålsleiing midt i omgangen. 

 

Sandviken klarte å halda på overtaket ei stund utover. Men heilt på slutten var det Fitjar som var best i å halda hovudet kaldt, og glade heimespelarar kunne avgjera med scoring i sluttminuttet. Dermed kunne dei jubla for ein fortent siger 20-19.

 

Trenar Trond Arnevik var særs fornøgd med dei to poenga, som gjer at laget hans kryp over nedrykksstreken. Det er eitt lag som rykkjer ned til 6. divisjon, men dit ynskjer han ikkje å reisa med damene sine. Han synest damene spela ein god forsvarskamp i kveld, med det blir for mange feil framover.

No vonar han på godt treningsframmøte, og at damene kan klora seg fast på sjetteplassen på den jamne tabellen i 5. divisjon avd. 02. Neste sjanse til poeng kjem laurdag 17. februar heime mot Lyngbø, som i augneblinken ligg heilt sist, med sju poeng. 

Fitjar sitt lag mot Sandviken (mål i parenes): Mariell H. Stølås (k), Randi Thorland (5), Martine Fredlund, Helene Rimmereid, Anita Haugland (4), Emilie Aaserud Hystad (2), Maria Grastveit Larsen (2), Ingvild Rimmereid (4), Frida Sunniva Mikalsen, Marit Thorland Helland (1), Renate Innvær Osen (2). 

 


Anita Haugland scora fire mål frå høgrekanten. Foto: Kjetil Rydland.