Johannes Sandvik Bø og Kasper Fitjar overnattar i kyrkja. Foto: Kjetil Rydland.

Lys vakne i kyrkja

I kveld skal 20 tolvåringar overnatta i Fitjar kyrkje saman med fire vaksne leiarar; dei er med på samlinga «Lys vaken», som blir arrangert i mange norske kyrkjer. 

 

I kveld er kyrkja vår fylt av unge som skal overnatta til i morgon. Fitjar kyrkje sende ut invitasjon til alle som fyller tolv år i år, og 20 tolvåringar møtte opp klokka 16 i ettermiddag. Opphaldet starta med kyrkjevandring; saman med sokneprest Olav Johannes Oma og dei andre vaksne leiarane fekk tolvåringane høve til å gjera seg kjende i kyrkjebygningen, og løysa ulike oppgåver.

– Me var heilt oppe i tårnet og ringte med klokka òg! fortel Hanna Lovise Vestbøstad.


Stemningsfullt både ute og inne i Fitjar kyrkje i kveld. Foto: Kjetil Rydland.

 
– Eg liker lasagne! seier Ingeborg Hoff, der ho sit ved middagsbordet midt på kyrkjegolvet. Men ho er slett ikkje den einaste som ser ut til å setja pris på maten. Både middagsmaten og gode historier går ned på høgkant der tolvåringane sit saman med dei vaksne leiarane. Ingeborg fortel at dei har både sunge og dansa før middagen. 

Og så har dei fått kvar si oppgåve på ein liten lapp. Dei fleste oppgåvene såg overkomelege ut, men ei av dei meir avanserte oppgåvene synest me Sunniva Vik hadde fått. Ho skulle fortelja om universet!


Sunniva Vik skal fortelja om universet, og me øyskjer lykke til. Foto: Kjetil Rydland. 

Lys vaken handler om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss, for kvarandre, for Gud og for oss sjølve, fortel sokneprest Oma. Han vedgår at det ikkje står noko direkte om i Bibelen om å sova i kyrkja, men Jesus sov i tempelet då han var tolv år! understrekar soknepresten. I Lukas 2,40 ff. står det om då Jesus blei igjen i tempelet i Jerusalem medan Josef og Maria drog heimover utan å oppdaga at Jesus ikkje var med. Dei fann ikkje tolvåringen Jesus igjen før etter tre dagar, så Jesus må ha sove i tempelet! seier Oma med overtyding. 


Elisabet R. Sæbø, Elise de Fine Olsen og Hanna K. Vestbøstad leikar seg med varmen. Foto: Kjetil Rydland.

 

Laurdagskvelden blei elles brukt til sosialt samvær, sketsjar og anna underhaldning. Og under leiing av Elisabeth Moldestad øvde dei på songar til morgondagens gudsteneste. I morgon skal dei nemleg vera med på gudstenesta, og då gjeld det å vera godt førebudd.

 


Tolvåringane syng Lys våken under leiing av Elisabeth Moldestad. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Sokneprest Oma fortel at tolvåringane etter god tradisjon skal overnatta på kvar si av kyrkja, jentene på nordsida og gutane på sørsida. Torid Morsund Øygard, Marte Rimmereid, Sindre Aarbø og Astrid Prestbø skal bli i kyrkja saman med ungdommane, medan Håkon R. Sæbø, Bård Inge Bø, soknebrest Oma og Elisabet Moldestad snart kan ta kveld.

I skrivande stund vil me tru at tolvåringane er i ferd med å gå til ro, før dei vaknar til ny dyst i morgon tidleg.