Sparebanken Vest deler ut gratis drakter til unge lagspelarar. Foto: SPV. 

Deler ut gratis drakter til handball- og fotballag

Sparebanken Vest heiar på idrett for born og opnar no opp at for at fleire tusen handball- og fotballglade born på Vestlandet kan få nye drakter til laget sitt. Søknadsfristen er 4. mars.

 

Sparebanken Vest tek opp att suksessen frå i fjor med utdeling av draktsett til idrettsglade barn, heiter det i ei pressemelding frå Wenche Gunnarsjaa i Sparebanken Vest på Stord.

– Etter braksuksessen i fjor er det utruleg kjekt også i år å kunna lansera ein utdelingskampanje av draktsett til barn på Vestlandet, seier Arve Havnerås, banksjef for privatmarknaden i Sparebanken Vest på Stord. I 2017 fekk banken heile 700 søknader frå fotballag på Vestlandet, og delte ut over 8.000 draktsett til lag over heile Vestlandet.

Sparebanken Vest heiar på lagidrettar, og sidan banken er eigd 75 prosent av vestlendingar er eitt av grunnprinsippa til banken å dela overskotet med dei som bur i landsdelen.

– Sparebanken Vest jobbar for at landsdelen vår skal vera ein god og trygg stad å veksa opp. Barneidretten og det arbeidet som tusenvis av frivillige legg ned i å skapa gode, sosiale og samlande aktivitetar for barn, bidreg til nettopp det, seier banksjefen.

Han legg at til nytt av året er at både handball- og fotballag kan søka om draktsett.

– Vi heiar på lagspel, og i fjor såg vi at rett nok er fotball ein av dei aller største idrettane som barn deltek på, men det finst òg mange små handballstjerner som kunne trenga eit draktsett til laget sitt. Difor har vi i år vedteke at det er både handball og fotballag som kan søka, og draktsetta vil bestå av shorts med overdel og i tillegg sokkar til fotballdraktene, seier Arve Havnerås. 

Søknad om draktsett til laget sender ein via www.spv.no/drakter, og fristen for å søkja er 4. mars. Kvart lag vil kunna få inntil 14 drakter for utespelarar og ei keeperdrakt. Trekning og utdeling av draktene vil finna stad frå mars til og med mai månad.

I fjor fekk to lag frå Fitjar Idrettslag nye draktsett


Ole Bergesen er ikkje i målgruppa sjølv, men her viser han korleis dei nye draktene i fjor såg ut. Foto: Kjetil Rydland.