Denne fine sykkelen står til spott og spe i Rundamyr på Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

Er det din sykkel?

Frå ein huseigar på Vestbøstad har me blitt oppmoda om å etterlysa eigaren av sykkelen som er avbilda ovanfor. 

Sykkelen har stått ved oppkøyrsla hennar i Rundamyr i fleire månader, og ho har lagt ut bilete på kjøp-/sal-sidene på Facebook, utan respons. 

Det ser ut til å vera ein bra sykkel, og han bør vera vel verdt å ta vare på. Til liks med tipsaren vonar me den rette eigaren tek turen til Rundamyr og hentar sykkelen sin.

 


Som biletet syner, er sykkelen lett å finna. Foto: Kjetil Rydland.