Ellen Helland, Lise-Katrine Grimen og Kristine Skarpnes gler seg med kundane over ny butikk. Foto: Kjetil Rydland.

Kaffi og kake til blomsterkundane i ny butikk

Gratulantane stod i kø då den nye blomsterbutikken Galler Flora opna torsdag morgon, med gode tilbod, og med kaffi og marsipankake i Kaffiståvo ved sida av. 

 
Galleri Flora lokka med gode opningstilbod då dei opna ny butikk i bankbygget torsdag morgon. Det freista ganske sikkert ekstra mange at den nye blomsterbutikken har etablert sambuarskap med Kaffiståvo, som og har fått plass i det tidlegare banklokalet. I alle høve strøymde kundane på då butikkane opna dørene kl. 10.00 torsdag morgon. 


Randi Tverderøy blei den aller første kunden, og her tek Lise-Katrin Grimen imot med velkomstdrink. Foto: Todlak AS. 

 
Ordførar Wenche Tislevoll og andre framståande politikarar var blant gratulantane, som alle fekk servert kaffi og kake. Martin Nysæther frå huseigar Todlak AS kunne konstatera at kaffien frå den ny automaten til Pelican Rouge fall i smak, og han serverte marsipankake til alle gjestene. 

 
Martin Nysæther og Lise-Kathrine Grimen fortel at dei har hatt ei hektisk tid i det siste. Men då den store dagen rann, var alt klart, både til blomstersal og servering. – Me er mange eigarar, og me har gjort det meste sjølve, seier Nysæther. Og gjestene kunne konstatera at lokalet no framstår lyst og triveleg, etter at det har fått ei oppshining med lys gråmåling. 

Randi Tverderøy fekk æra av å bli den aller første kunden i den nye butikken, og ho blei teken imot med ein skvett sprudlevatn av blomehandlar Lise-Katrine Grimen. Snart blei Kaffiståvo fylt opp av gjester som har sakna eit slikt tilbod i Fitjar i det siste. Plasseringa med utsikt mot gata og sjøen tel mykje. Her kan me sitja og følgja med! var det fleire som kommenterte. 

Blant gjestene i Kaffiståvo møtte me Else Hovland og Gerd Eide, som hadde teke turen frå Strando. Dei nytta høvet til å rosa bussjåfør Erlend Helland. Servicen hans er heilt på topp, meiner dei. Når han køyrer, kvir ikkje dei gamle seg til å ta ut på tur til Fitjar. 

Allereie førstkomande laurdag blir Kaffiståvo nytta som bygdekafé av eit lag i Fitjar idrettslag. Det er huseigaren sin tanke at dei skal få låna lokalet vederlagsfritt; det einaste dei vil ta betat for er det som blir kaffi, te og kakao frå automaten. Nysæther minner om at elles vil Kaffiståvo følgja opningstidene til blomsterbutikken. 

 
Kaffien gjekk ned på høgkant, og mange nytta seg tilboda i den særs innbydande blomebutikken. Men til trøyst for deg som ikkje fekk med deg opningsdagen, kan me slå fast at dei har fleire blomar igjen! 

 


Aslaug Waage (ståande) slår av ein prat med Else Hovland og Gerd Eide. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Martin Nysæther ser til at Inger Havenrås får kaffi og kake. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Gjestene fylte snart opp Kaffiståvo. Foto: Todlak AS. 

 


I banken har Galleri Flora fått ein romsleg og innbydande blomsterbutikk. Foto: Todlak AS.