Ole André Westerheim slepp sin første singel

I dag slepp Ole André Westerheim slepp i dag sin første singel, «Satan på veggen». 

– Teksten på denne singelen kan handla om fleire ulike ting: Den irriterande destruktive stemma inne i oss, kampen mot overmakta, sjefen på jobb, svigermor, ein irriterande nabo, fylleangst, osv. Teksten betyr ein ting for meg, og kanskje kan den bety noko for andre og, seier Westerheim i ei pressemelding.

 

Singelen er tilgjengelig på alle digitale plattformar. Her kan du høyre singelen på Spotify.

 

Med på prosjektet er utelukkande unge lokale krefter.

 

– Eg er stolt over å kunna sei at alle aktørar og deltakarar er frå Stord og Fitjar og at eg sjølv er eg eldstemann på laget med mine 26 år. All den tid eg har vore aktiv i musikkmiljøet på Stord har det vore påstått at for å kunne gi ut noko må ein gå til den og den, og ein må gjere det på den og den måten. Dette var det på tide å gjera noko med. Derfor ville eg gi ut min eigen musikk, utan hjelp frå «dei etablerte».

 

Musikken er innspelt i ABC studio i Etne, der musikken er vart spelt inn live.  Og i april kjem resten av albumet. Det vert markert med ein releasekonsert på Arena laurdag 28.april.

 

– Sjølv om dette er eit soloprosjekt med mine eigne tekstar, mine songar. så hadde eg aldri klart det utan eksepsjonell hjelp frå eit skikkelig stjernelag. Eg er svært takknemlig for at desse unge og ekstremt talentfulle musikarane ville jobba saman med meg.

 

Dette er namna på dei involverte:

Ole André Westerheim – Vokal, tekst og melodi.

Alf Erik Fylkesnes – Trommer, studioteknikar, produsent, miksing.

Severin Vik – Gitar

Øystein Heide Aadland – Tangentar

Mathias Agdestein Steffensen – Bass

Ingrid Bergesen – Kor