Leif D. Steensohn er i full gang med å få spelarane i form til den komande sesongen. Foto: Kjetil Rydland.  

Puljeoppsettet for 5. divisjon er klart

NFF Hordaland (Hordaland Fotballkrets) har sett opp puljane for neste års 4. og 5. divisjon i fotball, og for Fitjar sin del blir det lett blanding av nye motstandarar og gamle kjenningar.

 

I sesongen 2018 spelar Fitjar sitt A-lag i 5. divisjon. Her møter dei fleire nye lag, men me kan òg sjå fram til gjensyn med både Halsnøy og Stord 2, og ikkje mist Bremnes, som kom ned frå 4. divisjon i fjor.

 

Etter terminlista skal Fitjar opna sesongen mot Kvernbit på heimebane laurdag 7. april. Dette er ein heilt ny motstandar for Fitjar i seriesamanheng. Sjølv om klubben frå Frekhaug ber namnet til sverdet åt Håkon den gode, er Kvernbit ein klubb me har hatt lite med å gjera.

To andre klubbar me ikkje har møtt i seriesamanheng før, er Radøy/Manger og Bønes. Sistnemnde er klubben som blei trent av Claus Lundekvam for eit par år sidan. 

På lista over motstandarar finn me òg Inter Bergen. Dette er klubben som møtte Fitjar i sesongen 2000, då Fitjar fekk sin største siger gjennom tidene. Heile 17-0 vann Fitjar den gongen; trenar var Arne Skumsnes. 

 

Heile lista over puljen til Fitjar ser slik ut:  Bremnes, Bønes, Fitjar, Gneist 2, Halsnøy, Inter Bergen, Kvernbit, Loddefjord 2, Radøy/Manger, Smørås, Stord 2 og Vadmyra. 

Den nye Fitjar-trenaren, Leif D. Steensohn, seier at han kjenner ikkje så mykje til dei andre laga. Han reknar ikkje med å kjempa om opprykk denne sesongen, sjølv om han har rykt opp med Fitjar fleire gonger enn nokon annan trenar..

 

Spelaramaterialet han har til rådvelde blir vel om lag på nivå med det Kjell Træet har stilt med dei siste sesongane. Spelarar i avgang er Markus H. Tislevoll og Leander Reigstad, som begge har gått til Stord, til liks med eit par andre unge A-lagskandidatar.

Hjelpetrenar Sondre Aarland meiner me ikkje treng å svartmala situasjonen, for fleire av dei andre vil ta steg fram mot den komande sesongen. Og eit par nykommarar reknar han med å få med i A-lagsstallen.

På plussida nemner Aarland òg at Fitjar i år vill stilla lag i 7. divisjon I Rogaland. Dette er det tradisjonsrike toarlaget eller «B-laget» som har vore eit livskraftig fotballmiljøø i Fijtar dei siste 30 åra. Dette vil føra til at langt fleire Fitjar-spelarar vil få eit fullverdig kamptilbod gjennom sesongen. Her vil A-laget kunna henta både unge og lovande spelarar, og gamle ringrevar som kan hjelpa til i eit knipetak.

 
Trenar for toarlaget i 7. divisjon er Åsmund Sørfonn, og det borgar for kvalitet. Han lovar eit skikkelg prestisjeoppgjer mot A-laget i treningskamp 10. mars. Me gler oss allereie!