Fornøgde med årets innsats i Veterancup! Britt Lise Onarheim Volden, Gro Hatlevik, Aina Kristin Vestbøstad, Anne Helene Vestbøstad, Gunn Evy Henriksen, Anne Kristin Skår og Birte Steinsland i Lærdal. Foto: Privat.

Fitjar IL til Lærdal på Veterancup

Denne helga var Fitjar Idrettslag igjen sterkt representert på Veterancup i Sogn, og kan sjå tilbake på gode prestasjonar, både sportsleg og sosialt. 

I år blei Veterancup i Lærdal arrangert for 20. gong, og Fitjar Idrettslag var med for tolvte gong, opplyser Ole Bergesen. Fitjar stilte med lag både i klassane veteran og superveteran for menn, og i klassen veteran girls. Ole Bergesen og mennene var med første gongen i 2007, medan damene i år var med for sjuande gong.


Veteranar og superveteranar frå Fitjar stoppa for fotografering i Lærdalstunnelen. Foto: Privat.  

 

Dei lokale fotballveteranane våre melder om ei rekkje gode kampar i Aurlandshallen og Lærdalshallen. Det var stor sportsleg framgang frå i fjor for Fitjar sin del, men dei fekk ingen pokalar med seg heim. Nærmast var damene, som berre mangla eitt mål på å gå vidare til semifinalen etter puljespelet. I «dødens gruppe» slo dei både Syril 3-1 og Sogndal 3-1, men tapte diverre 3-4 for Arna Bjørnar. Litt stong ut, altså, men dei har god grunn til å vera stolte over den sportslege innsatsen i Veterancup.

 

Superveteranane oppnådde sitt beste resultat i opningskampen, mot Rubb Superveteran. Dei berga eitt poeng etter å ha utlikna til 2-2 på slutten av kampen. Det blei eit kraftig tap 0-9 mot Sogndal, med 62-åringen Lasse Opseth på laget. Den gamle storscraren er framleis i god form, og ein av tre spelarar som har vore med i Veterancup i 20 år på rad. I tillegg måtte Fitjar-veterannae tola tap 2-7 for Aurland og 3-4 for Strømmen. Det siste lar seg så absolutt høyra.

 

Veteranane – med Oddgeir Træet mellom stengene – gjorde det litt betre; dei slo både Rubb 2-1 og Bergens-laget Orion 4-3. Dei klarte seg òg rimeleg bra mot Vålerenga, med kjende namn som Bjørn Viljugrein og Jørgen Jalland på laget. Dei kjempa lenge jamt mot dei meir kjende motstandarane sine, men mot slutten rann måla inn, slik at tapet blei 1-6. Etter tap 0-3 for Førde laurdag føremiddag var veteranane ute av turneringa. 

20-årsjubileet blei avslutta laurdag kveld med ein flott bankett på Lærdal Hotell, der over 400 var til stades. Frithjof Willborn var konferansier, og han fekk hjelp av Davy Wathne med premieutdelinga. Trass i magert utbytte frå premiebordet var det ein godt nøgd Fitjar-gjeng som kom heim i går ettermiddag. Rik på gode sportslege og sosiale opplevingar i Sogn.