Ole Bergesen og ein stab av frivillige stod klare til å gi publikum ei god filmoppleving. F.v. Petter Hoff, Ole Bergesen, Agnar Aarskog, Sander Aarskog og Petter Hoff. Foto: Kjetil Rydland.

Kinopremiere med raud løpar og sprudlevatn

Godt og vel hundre publikummarar blei møtte med sprudlevatn på den raude løparen då nye Fitjar kino opna med «Den 12. mann» søndag kveld.

 

Dagleg leiar ved Fitjar kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, smilte om kapp med styreleiar Agnar Aarskog. Sistnemnde stod for billettsalet, og kom opp i nesten 120 før dørene stengde. Ved den raude løparen hadde dei fått hjelp av ein frivillig stab som ønskte gjestene velkomne med sprudlevatn, Petter Hoff, Sander Aarskog og Petter Hoff. 

 

Ordførar Wenche Tislevoll: Bruk kinotilbodet!

Blant gjestene som kom skridande inn over den raude løparen, var naturlegvis Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll. Det var ho som fekk æra av å stå for den høgtidelege opninga av Fitjar kino. Ho uttrykte stor glede over at Fitjar har fått sin eigen kino, og vonar den vil gi større inntekter til Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Ho nytta høvet til å rosa staben av frivillige som stiller opp og sel billettar og popcorn og sørgjer for alt det andre praktiske i samband med filmframsyning. – Kinoen vår er bygd på frivillig innsats, minte ho publikum om, før ho avslutta med ei oppmoding: – Sei til vener og kjende at dei må nytta seg av kinotilbodet vårt!

 

Fredag og laurdag blir filmdagar

Ole Bergesen uttrykte glede av at han frå no av får høve til å servera kinopublikum ferskvare. No kan Fitjar kino visa filmar på premieredagen, og me slepp å venta i fleire dagar eller to veker, slik me måtte finna oss i med Bygdekinoen. Frå no av blir det filmframsyning kvar fredag og søndag i Fitjar. Førstkomande fredag kan me sjå fantasy-filmen «Maze runner» og søndag kjem «Per Fugelli – siste resept».

 

Før kveldens filmframsyning gjekk Ole Bergesen og Wenche Tislevoll opp til «Norges minste maskinrom», som skjermar publikum for lyden frå filmframvisaren. I fellesskap trykte dei to klassekameratane på knappen, og filmen starta slik han skulle. Eit lite skår i gleda var at filmen ikkje var teksta. Men elles blei «Den 12. mann» ei sterk filmoppleving, og me gler oss allereie til neste film

 


Sander Aarskog møter ordførar Wenche Tislevoll med sprudlevatn. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Martine og Otto Pedersen ser fram til å få sjå ferske filmar på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Agnar Aarskog er bra fornøgd med billettsalet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Daniel Skarpnes og nesten 120 andre ventar på den første filmen frå den nye maskinen til Fitjar kino. Foto: Kjetil Rydland.