Tolvårslaget til Fitjar kjempa lenge jamt mot Rival frå Haugesund. Foto: Kjetil Rydland. 

Spennande handballkampar

Me fekk sjå to spennande handballkampar i går ettermiddag; tolvårslaget tapte medan 14-åringane vann ein knapp siger.

 

Tolvårslaget til Fitjar kjempa lenge jamt mot Rival. Eit lite stykke ut i andre omgang stod det 2-3, men derfrå og inn overtok jentene frå Haugesund heilt. Fitjar blei for stilleståande, og lettbeinte gjester sprang frå dei og scora mål nesten som dei ville. Dermed blei det heile 5-15, for Fitjar-jentene, som må notera på plussida at dei greidde seg godt i éin omgang. 

 

I 14-årsklassen møtte Fitjar gjester frå Mathopen i Bergen. Kampen blei jamn heilt til det nærma seg slutten, med eit overtak til Fitjar heile vegen. Gjestene utlikna til 11-11 midt i andre omgang, men så overtok Fitjar igjen, og drog i land ein fortent siger 15-13. Heimelaget kan takka keeper Oda Volden de Fine for poenga; ho drog fram ei rekkje fine redningar. 

 


Oda Volden de Fine berga poeng for laget sitt i går. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Tilde Haldorsen Helland og maskoten frå Øvrebygda gjorde sitt beste for å hjelpa handballjentene til siger i går. Foto: Kjetil Rydland.