Hildegunn og Herman Inge Aaadland smiler om kapp føre den flotte konserten i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.

Prest og vener i orgelbrus

Familie og vener fylte kyrkja for å feira den mangeårige Fitjar-presten Herman Inge Aadland, som hadde bedt inn til konsert laurdag ettermiddag. 

 

Den spreke 70-åringen kom til Fitjar for vel 35 år sidan, og har slege rot i bygda. At han framleis blir sett pris på, både som prest, ven og nabo, bar laurdagens konsert eit klårt vitnemål om. Heile 175 vener og familiemedlemmer tok imot invitasjonen og fylte opp kyrkjebenkene. 

 

– Dette er den andre heimen min! sa den musikkglade jubilanten då han ønskte gjestene velkomne. 

 

Og gjestene fekk oppleva meir enn å gratuera den spreke jubilanten med dagen. Det var ein konsert frå øvste hylle han hadde å by på, stødig leia av kona hans, Hildegunn. Det er mykje musikk i årane til Aadlands-slekta, og dei baud på det ein musikalske høgdepunktet etter det andre.

Tre av dei unge barnebarna, Hildegunn, Klara og Tora, stilte med solonummer på piano og fiolin. Askeladden og Johannes Aadand stilte med velvalde ord og tonar til far. «Aadlandsbølingen», etterkomarane til Herman og Hildegunn, er til saman 23 personar. Dei stilte med vakker song, blant anna «Bruremarsj frå Valsøyfjord». 

 

Dagen baud og på eit kjekt gjensyn med bror til Herman Inge, som er berre eitt år yngre. Lars Birger Aadland hadde teke turen frå Trøndelag for å gle oss med trompeten sin. Svigerson Jo Sølve spela mandolin, og sist men ikkje minst, stilte Turid Bakke Braut opp med eit stykke av Schumann. Som kjent har ho vore organist i Fitjar, og har mange kjende her. 

 

Alt i alt blei konserten ei strålade musikalsk oppleving, vel fortent for ein trufast prest i Fitjar. Når det kan feirast på ein slik flott måte, er det nesten så me kan gle oss til å bli 70 nokon kvar. 

 


Askeladden og Johannes Aadland stilte med velvalde ord og tonar til far. Foto: Kjetil Rydland.

 


Lars Birger og Herman Inge Aadland, musikkglade brør på same alder. Foto: Kjetil Rydland.

 


Klara Olsen Aadland debuterte på imponerande vis med fiolinen sin. Foto: Kjetil Rydland.

 


Turid Bakke Braut med pianospel frå øvste hylle. Foto: Kjetil Rydland.