Stordingane med Hans Gustav Mussland i midten. Foto: Gisle Kjetil Vik.
Kabaret med Harald Vik sin musikk
Fredag kveld kan du oppleva Stordingane sin kabaret «Harald Vik’s beste» i Fitjar kultur- og idrettsbygg.
«Sommartango», Vårvise», «Vals i Spissøyhamn», «Roaslill», «En midtsommernatt på Fyrøya», «Du kjeme vel i Samhald?» og «Ein sommarkveld på gamla Vikjo» blir å høyra i Fitjar kultur- og idrettbygg i morgon kveld, skriv Gisle Kjetil Vik.
Dette er berre nokre av låtane som blir å høyra når bandet Stordingane med gjestene Britt G. Bjelland og Hans Gustav Mussland fredag kveld byr på tekstar og melodiar av Harald Vik, i kabareten «Harald Vik’s beste».
– Trekkspelaren, forfattaren og komponisten – og ikkje minst revymannen – Harald Vik er blitt 82 år og kan sjå attende på ei lang speletid på lokale scenar og i det populære «i godt lag»-programmet på radioen. Dette blir garantert kvelden for gjenhøyr med lokale populære «svisker», skriv Gisle Kjetil Vik til slutt.
Publikum let seg riva med … skreiv Bladet «Sunnhordland» blant anna etter mimrekvelden 11. november i fjor.
Det vert billettsal ved inngangen.