Vakkert i Fitjarøyane, og det blir finare når søppelet er fjerna. Foto: Privat. 

Strand Motorsport på ryddeaksjon

Strand Motorsport engasjerte seg sterkt i ryddeaksjonen i Fitjarøyane i fjor, fortel Hildegunn Strand. 

Strand Motorsport er ein organisasjon som har vore med på SIM sin ryddeaksjon «RYDD EI STRAND», ein aksjon som Miljødirektoratet står bak. Me melde oss på hausten 2017, og var ute fleire turer i Fitjarøyane, seier Hildegunn Strand.

– Heilt utrulig så mykje forskjellig boss me har rydda, alt frå enormt med plast i alle forskjellige former. I tillegg mykje anna som sko, støvlar, isopor, bøtter, spann, oljefat ,dekk, plastkanner, både store og små osv. …

– Me såg at denne ryddeaksjonen var det veldig behov for, og eit kjempebra tiltak for å rydda strender i øyane, held ho fram, det er bra å kunna få med lag og organisasjonar til å stilla med dugnad i dette viktige arbeidet.

Derfor melde dei seg òg på i 2018 og er godt i gang med å rydda vidare. Så dugnader er ikkje berre nødvendig, men og kjekt og sosialt, mener Hildegunn, flotte turar i fint vêr på sjøen er absolutt å anbefala. Dei hadde òg ein dugnadsgjeng på Fitjarfestivalen i 2017, er og klar for dugnad på festivalen i år igjen.

– Så motorsportteamet kan andre ting enn berre å mekka motorar og køyra konkurransar! seier Hildegunn Strand til slutt.

 


Store mengder avfall på land etter jobben. Foto: Privat.