Nestleiar i Stefanusalliansen, Jan Gossner, kjem til Fitjar. Foto: Stefanusalliansen. 

Jan Gossner til Fitjar

Den kjende forkynnaren Jan Gossner blir med på Stefanusalliansen si basar- og møtehelg i Fitjar komande helg. 

Laurdag 27. og søndag 28. januar skipar Stefanusalliansen til basar- og møtehelg i Fitjar bedehus. Jan Gossner bilr med på møta, skriv Åshild Vestbøstad. 

Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon som formidlar støtte og praktisk hjelp til menneske og kyrkjer som vert forfølgde eller undertrykte på grunn av si kristne tru. Slagordet deira er «saman for dei forfølgde».

Jan Gossner er ein kjend forkynnar. Han er no pensjonist og har engasjert seg i dette arbeidet; han er nestleiar i styret i Stefanusalliansen.

Han har tidlegare vore rektor på Høyskolen i Staffelsgate, medlem av Oase sitt lederskap og pastor i Kristiansand frikirke.

Stefanusalliansen si foreining på Fitjar skal ha basar på laurdag 27. og møte søndag 28. januar på bedehuset. Jan Gossner vert med begge dagane. Han blir òg med på gudstenesta i kyrkja på søndagen.