Marit Hopperstad og Johanne Heggøy trivst med strikketøyet. Foto: Kjetil Rydland. 

På kafé med husflidslaget

Elleve trivelege damer møttest i ruskavêret tysdag kveld for å dela handarbeidsekspertise, kaffi og god mat.

 

Handarbeid er veldig avstressande, er alle dei blide damene einige om. Dei avviser heller ikkje at strikking kan verka gunstig på blodtrykket, utan at dei kan føra heilt sikre prov på det …  

Dette semesteret skipar Fitjar husflidslag til handarbeidskafé tre gonger. Dei held ope i tre timar, og folk kan koma og gå som dei vil. Du treng ikkje vera medlem heller for å vera med her. 

Dei elleve som møtest denne ruskavêrskvelden er alle rutinerte handarbeidsdamer, og alle har funne fram strikketøyet. På desse kveldane kan kvar og ein arbeida med det ho har mest lyst til. Og så kan dei søkja råd og hjelp hos kvarandre. 

Enkelte jobbar med kontstrikk, ein teknikk som skal stamma frå Finnskogane, og produktet ser ut som eit flettverk. For enkelte går det litt meit putle enn for Johanne Heggøy; det er nemleg henne dei har lært det av. Ho seier at ho har lært det av seg sjølv, men kanskje ho har vore til Finnskogane og lært?

Kontstrikk er ein teknikk som står på raudlista til Hordaland Husflidslag, fortel Kirsten Melkevik. Ho fortel at dei blir oppmoda om å ta opp teknikkar som held på å gå ut, slik at dei ikkje blir gløymde. 

Men på handarbeidskafeen gjer alle som dei vil, her kjem damene helst for det sosiale, etter det me kan sjå. – Du kan strikka sorger og gleder inn i maskene, seier Kirsten Melkevik og smiler. Denne kvelden ser det helst ut til at det er gleder dei strikkar inn i maskene sine. Strikking verka heilt klart avslappande!

Nye sjansar til å treffa husflidsdamer på kafé kjem tysdag 6. mars og tysdag 10. april.

 


Kontstrikk har damene lært av Johanne Heggøy, som har lært det det av seg sjølv. Foto: Kjetil Rydland. 

  


Nytrekt kaffi og god mat til særs gode prisar på handarbeidskafeen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjar husflidslag

* har lagsmøte ein gong i månaden

* skipar til handarbeidskafé ein gong i månaden

* deltar i kulturarrangement saman med andre lag i bygda

* deltar i Ukraina-prosjektet til Fitjar vgs. med å laga varme plagg, og støtta prosjektet med pengar

* skipar til julemesse (salsmesse) i november kvart år

* held til i 2. høgda (småsalen) i Fitjartun