Herman Inge Aadland, ein sprek 70-åring. Foto: Privat.

Feirar 70-årsdagen med konsert

Gamlepresten i Fitjar, Herman Inge Aadland, inviterer til open bursdagskonsert i Fitjar kyrkje laurdag 27. januar kl. 14.00. 

– Dette er den ultimate måten å feira på for meg, seier Herman Inge Aadland. På denne måten får eg feira bursdag med å kombinera noko av det eg er mest glad i: Familie, vener og kjende, kyrkja og musikk.  

Herman har invitert eit knippe vener og slekt til å spela på konserten. Det vert musikk ved kantor Jan Overweg (orgel), Turid Bakke Braut (piano), Lars Birger Aadland (kornett), bandet Askeladden, Jo Sølve Aadland Dalane (mandolin), «Aadlandsbølingen festsekstett» (song) og Aadland ad hoc-kor, og elles innslag ved små og store. 

Konserten er open for alle som har lyst på ei kjekk ettermiddagsstund saman med jubilanten. Det kostar ingen ting å vera med. 70-årsjubilanten seier at han har alt han treng, og ikkje ynskjer gåver til seg sjølv. 

Men dersom nokon likevel har hug å gje ei gåve, vil denne verta delt mellom Fitjar kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Mali (NMS) og kyrkjelydsprestestillinga i Fitjar.