Brørne Harald og Onar Westerheim på skeisebanen i Baselga. Foto: Privat. 

VM-bronse til Onar

Westerheim-brørne Onar og Harald Westerheim gjorde ein sterk innsats under skeise-VM for veteranar i Italia, og Onar sikra seg bronsemedaljen samanlagt.

 

Med tredje- og sjetteplass samanlagt i VM på skeiser kan Onar og Harald reknast for det beste brødreparet i verda blant veteranane. Dei stiller i 70-årsklassen, der det er svært stor deltaking. Heile 15 veltrente skeiseløparar mellom 70 og 75 år kjempa om heider og ære på utandørsbanen i Baselga, Nord-Italia frå fredag til søndag denne helga. 

 
Som vanleg var Onar eit strå kvassare enn storebror, og fekk bronse samanlagt etter søndagens 3000 meter. Og Harald var ikkje stort dårlegare, med sin sjetteplass. Denne gongen kom det to overraskingar og lurte Onar for gullet. Dei to som Onar har kniva mest med før, Pieter den Dunnen frå Nederland og Pentti Kiiskinen frå Finland, kom klart bak Onar i samandraget i Baselga-VM.

– Eg hadde rekna med den Dunnen og Kiiskinen, seier Onar, men det dukker alltid opp ein nederlendar, må vita!

Og det var nettopp det som skjedde. Nederlendaren Leo Schoenmeijer har Onar møtt før, og slege han med god margin. Men denne gongen vann nederlendaren ein klar siger samanlagt. Andremann samanlagt, russaren Ivan Kasyanov, var òg ei lita overasking, for han har ikkje vore med internasjonalt før. 
 

Onar kjenner seg likevel ikkje slagen, og til VM i Bjugn til neste år skal han vera godt førebudd. Han lovar å leggja seg skikkeleg i selen då, og reknar med at det blir jamnare forhold der. I Baselga var han maksimalt uheldig med vêr og vind på 500 meter. Med litt meir klaff burde han vore nede på 46-talet, og då hadde det vore mogleg å kjempa om edlare metall. 

 
– Slik er det utandørs, ein gong er du heldig, ein annan gong ikkje. Det jamnar seg ut i det lange løp. Me får leva i håpet; me satsar vidare.

 
No er dei to skarpskodde brørne på plass i Inzell, med fullt fokus på full speed på glattisen dei neste dagane. Til helga deltar dei i det årlege Sprint Classic for veteranar, der det er god deltaking kvart år.

Her er det nok òg Onar som har mest å henta. Harald skal vera med, sjølv om han ikkje er nokon sprinter. Han har ikkje altfor store forventningar med dieselmotoren sin, og må nok gira om litt før start. Men Onar siktar seg inn på medaljar. 

 
Resultat frå Baselga, dei seks beste i klassen M70 samanlagt (plassering på dei enkelte distansane i parentes). 

1. Leo Schoenmeijer, Nederland     47,01 (2) – 2.25,82 (1) – 1.34,21 (1) – 5.07,49 (2) – 193,969 poeng
2. Ivan Kasyanov, Russland            48,54 (4) – 2.26,21 (2) – 1.35,52 (5) – 5.02,98 (1) – 195,532 poeng
3. Onar Westerheim, Noreg          48,14 (3) – 2.27,33 (3) – 1.35,18 (4) – 5.10,09 (3) – 196,521 poeng
4. Pieter den Dunnen, Nederland   49,51 (5) – 2.31,96 (4) – 1.34,74 (2) – 5.19,07 (5) – 200,711 poeng
5. Pentti Kiiskinen, Finland             46,97 (1) – 2.35,21 (6) – 1.34,79 (3) – 5.31,46 (7) – 201,344 poeng
6. Harald Westerheim, Noreg      51,91 (9) – 2.32,64 (5) – 1.40,29 (7) – 5.16,37 (4) – 205,663 poeng

Komplette resultat frå skeise-VM i Baselga finn du på denne linken til speedskatingresults.com.


Onar Westerheim er allereie på plass i Inzell, med plass til fleire medaljar rundt halsen. Foto: Privat.