Marius Pedersen, lovande friidrettsungdom frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland.

Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid!

Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter i elleveårsklassen. 

 

Mest suveren var han på 60 meter, der han vann på den flotte tida 8,98, eit heilt hav føre nestemann på lista. Tida er klar ny personleg rekord og ny klubbrekord for Fitjar IL, ei knalltid av ein elleveåring! Også i lengde var Marius best i  klassen sin, og han var den einaste som sneik seg over fire meter, med 4,04 m. Også det er ny personleg rekord. 

 

Fitjar IL hadde med ein annan Marius som òg gjorde det bra i Leikvang friidrettshall. I den sylkvasse konkurransen i 15-årsklassen kom han eit stykke bak Magnus Reigstad frå Osterøy, som vann lengde på 5,64 meter og 200 meter på 24,77 sekund. I tresteg kom Marius på andreplass bak Julian Skimmeland Aasheim frå Stord. sistnemnde vann òg høgde, på 1,70. Her tangerte Marius persen sin på 1,50.

 

Fullstendige resultat står å lesa på denne linken til Norna-lekene 2018