Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team. 

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei Ailin Vik frå Fitjar utropt til årets bilcrossutøvar i klubben.

 

Sjølv var ikkja Ailin til stades under årsmøtet i Haugesund, men Sigurd André Maraas tok imot premien på vegner av den unge utøvaren vår.

 
Ailin fekk den den høgthengande premien for gode resultat. Beste resultat under enkeltløp var nr tre. Bakgrunn for utmerkinga er elles at ho har køyrt alle løpa i vestlandsmesterskapet 2017 og vore med i landsfinalen i bilcross junior. 

 
– Som leiar i teamet er eg veldig stolt av Ailin, og eg trur me skal få sjå mykje meir til denne jenta, seier Sigurd André Maraas til Fitjarposten, Fitjar Racing Team satsar på ungdommar!