Bente Bratlund kjem til Fitjar. 

Temakveld med Bente Bratlund

Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå Os.

 

«MIDT I LIVET – med skråblikk på mennesket» er tittelen på den første temakvelden i vårhalvåret 2018, skriv Eli Simonsen. Kunstnarane er Bente Bratlund, Kjersti Wiik og og Trond Fykse.

 
Programmet er eit song- og lyrikkprogram som byggjer på dikt i utval av Bente Bratlund. Det handlar om å vera midt i livet, våga å ta sjansar, ta ansvar for eige liv, situasjonar som ein både kan le og gråta over. Alt vert skildra gjennom Bente sine vare og humoristiske dikt, Kjersti sitt songutval og Trond sitt pianospel. Stunda skal vera god for lyttarane og til ettertanke.

 
Bente Bratlund er forfattar og kjem frå Os. Ho har gjeve ut ca. 70 bøker. Ein del av desse er også omsette til dansk, norsk,svensk og færøyisk. Ho er mykje brukt som opplesar i lag og organisasjonar og har delteke under ei rekkje litteraturfestivalar. Rett før jul var det også ei stor førestilling/jubileumsfeiring  i Oseana over diktinga hennar, både gjennom song, drama og dans.

 
Kjersti Wiik er frå Lindås og har hovudfag frå Griegakademiet i Bergen. Ho er ein mykje nytta frilanssongar innan ulike sjangrar og har turnert både i inn- og utland. Ho har samla inn mykje folkemusikk frå kysttraktene rundt Bergen og gjeve ut fire solo-CD-ar. Til dagleg underviser ho i song både i kulturskule og privat, og ho dirigerer kor.

 
Trond Fykse er musikkutdanna og arbeider som organist i Meland kommune. Trond spelar i ulike orkester, m.a Come Sunday. Han komponerer også musikk og har gjeve ut CD med eigne låtar. Hans vakre lydkulissar kjem også godt fram i dette programmet.

 
– Me ønskjer varmt velkommen til ei god stund i kyrkja vår! skriv Eli N. Simonsen til slutt på vegner av temakveldgruppa i Fitjar sokneråd.

 


Organist Trond Fykse.