Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland. 

Fine skiløyper, varme pølser og god stemning

Fitjarfjellet lokka med fint skiføre i dag, og ivrige fotballforeldre i Fitjar Idrettslag trekte ekstra mykje folk til fjells med servering ved gapahuken. 

 

Skidagen i Fitjarfjellet i dag såg ut til å bi ein stor suksess. Vêret viste seg frå si beste side, og det same gjorde eit lite knippe fotballforeldre som samla folk rundt bålgryta ved Kidnavatnet. 

 


Andrea, Anne og Oliver Brakedal var dei første til Svartavatnet, her slappar dei av i Gapahuken etter innsatsen. Foto: Kjetil Rydland. 

Gapahuken ved Kidnavatnet viste seg igjen som ein ypparleg base for kjekke friluftsaktivitetar. Her fyrte folk frå Fitjar Idrettslag opp i bålgryta og steikte pølser og serverte kaffi og varm sjokolade. Inntekta frå salen går til fotballaga våre i 14-årsklassen. Til sommaren reiser både jentene og gutane til Dana Cup i Hjørring, og får god bruk for pengane. 

Fredag kveld køyrde Håkon R. Sæbø opp løype frå Olstjødno til Svartavatnet. Fem turar med tromla opp og ned til Svartavatnet blei det før han laga spor med sporsettemaskinen. Og fitjarbuar i alle aldra slutta bra opp om arrangementet. Gapahuken var stort sett full av folk som varma seg på pølser og varm drikke mellom turane i den flotte løypa til Svartavatnet, eller aking i skråninga like ved. 

Gunn Evy Henriksen ved bålgryta fortel at dei vil laga til skirenn dersom det blir snø ein gong til. Slike ting er det naturlegvis vanskeleg å planleggja med dei snøforholda me har i Fitjar. Men fotballforeldra kan i alle høve slå seg på brystet i dag over eit kjekt tiltak som trekte mykje folk til fjells. 

 


Parkeringsplassen ved Olstjødno blei meir enn full. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ketil Fykse melder om brukbart, men litt varierande føre forbi Kjeringjo og over Kidno i dag. Foto: Kjetil Rydand. 

 


Veteranen Geir Tore Søreide kom seg ikkje til Kithbühel, i staden blei det ein lett treningstur i Fitjarfjellet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kvardagshelt Håkon R. Sæbø køyrde opp løype, og her har han dottera Birgitte på slep. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Så kjekt er det å koma opp til gapahuken, synest Kari Bjørndal Rydland. Foto: Kjetil Rydland.