Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland. 

MOT med jenteløft på Rimbareid

Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til årets jenteløft, med storfint besøk av Gry Skarstein, som vann 71 º nord i 2016.

 

Godt over 50 av dei 70 jentene i ungdomsskulen på Rimbareid tok i mot ivitasjonen i går, då MOT-coachane Hilde Volden de Fine og Maria Solheim Thorsen inviterte til årets jenteløft. Sistnemnde opna samlinga med brask og bram, før ho gav ordet til Thea Træet og Alice Rose Mehammer, som bidrog med nydeleg song. 

 


Moralen til Gry Skarstein var å ikkje gi opp. Foto: Kjetil Rydland.

Det store trekkplasteret under gårsdagens jentesamling var nok møtet med Gry Skarstein frå Os. Ho heldt foredrag om deltakinga si i  71 º nord, ein konkurranse der ho gjekk heilt til topps i 2016. Med bilete og videoklipp gav ho eit levande bilete av den lange turen frå Lindesnes til Nordkapp. Ho understreka at ho hadde fått meir tru på seg sjølv etter kvart, og at ho i utgangspunktet ikkje hadde så høg sjølvtillit. Lærdommen hennar burde kunne gå heim hos nokon kvar. 

– Ein ting har eg lært, uansett kor dårleg du trur du er, så må du ikkje gi opp! 

 


Toril Christin Skram og Hanne Mjønes sminkar den heldige vinnaren, 8.-klassingen Anna Havn Nesbø. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Før foredraget blei ei av jentene trekt ut til å få ein full make-over og oppsetjing av håret ved profesjonelle sminkarar. Loddet fall på Anna Havn Nesbø, som blei sminka og stelt etter alle kunstens reglar av Jenny Marie Dalen, Hanne Mjønes og Toril Christin Skram. I tillegg fekk ho seg ein ny kjole som premie.

Dei som ikkje var fullt så heldige, kunne kjøpa seg ein kjole til ein rimeleg penge. I går kveld gjekk både nye kjolar og fint brukte vintage-kjolar til berre 50 kroner, og mange nytta det sjeldne høvet. 

Elles var det stort lotteri, lykkehjul og «fiske» etter fine premiar. 

– Me er overvelda over støtta frå alle som gav premiar til lotteriet vårt, seier Maria Solheim Thorsen til Fitjarposten. Ho er òg takknemleg for mykje anna god hjelp frå frivillige. 

  


Vibeke Tranøy sel kjolar til 50 kr stykket. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ordførar Wenche Tislevoll var med og delte sine erfaringar med Gry Skarstein og jentene på Rimbareid. Foto: Kjetil Rydland.