Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland.

Handballdamene sjanselause mot Stord

Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile 13-31. 

 

Som venta fekk Fitjar slita i heimekampen mot dei nest beste Stord-damene torsdag kveld. Dei heldt berre følgje til 1-1, derfrå og inn blei dei rent i senk av kjappe motstandarar, som i periodar fekk gjera nesten som dei ville. Ikkje var det mykje støtte å henta frå tribunen heller; dei fleste fitjarbuar som er interesserte i handball, var nok heime og såg på VM-kamp.


Stord-damene skaut keeper Mariell H. Stølås i senk. Foto: Kjetil Rydland. 

Men Fitjar-damene skal ha ros for at dei heldt stilen nokolunde bra kampen ut. Og i sluttsekunda lokka Marte Lie Børve fram smilet hos ein betenkt Fitjar-trenar, Trond Arnevik, då ho scora frå langt hald. 


Endeleg kan Fitjar-trenar Trond Arnevik smila, etter at Marte Lie Børve har redusert på eit langskot i sluttsekunda. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Etter dagens tap ligg Fitjar framleis langt nede på tabellen i 5. divisjon avd. 02 med sine 6 poeng. Neste sjanse til poeng kjem neste laurdag, 27. januar, på Ågotnes mot Nordre Fjell.

 

Fitjar sitt lag mot Stord (mål i parenes): Mariell H. Stølås (k), Randi Thorland (3), Martine Fredlund (3), Helene Rimmereid, Anita Haugland (2), Emilie Aaserud Hystad (1), Ingvild Rimmereid (1), Marte Lie Børve (1), Marianne Sørheim (1), Marit Thorland Helland (1), Renate Innvær Osen, Mari Sørheim Rygg.