Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland. 

Badesesongen i full gang

Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Fitjarbuen ser ut til å slutta bra opp om badinga i bassenget på Rimbareid skule, sjølv om det er plass til fleire. Då me var innom sist måndag, var det rundt ti ungdommar som leika seg i vatnet. 

Som vanleg er badetida delt inn i tre, med ein time til familiebading for dei under ti år med foreldre, ein time for dei over ti år, og til slutt ein time vaksenbading for dei som ønskjer å symja. 

Med åtte-ti badegjester var det god plass, og dei som var der, såg ut til å kosa seg. Frivillig badevakt Bente Fitjar fortel at det har vore god pass i bassenget i haust, men i fjor vår var det smekkfullt. Då hende det at det var fleire enn 28 på ein gong, slik at det blei ventetid. 

Kvifor interessa fall etter sommarferien, har ho ikkje noko svar på. Me kan berre oppmoda fleire om å nytta det gode tilbodet. Bading er god trim for folk i alle aldrar. 

Badinga er avhengig av frivillige badevakter, men dei som er med på ordninga, har berre ansvar for rundt ein kveld i semesteret. Så det er overkomeleg. 

Badevakt Bente Fitjar minner om at du kan betala kontant eller med ViPPS!

 


Marius Pedersen har god plass i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.