Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand.

Zumbafeberen herjar igjen!

I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar på fleire år. 

 

Då zumbaen gjorde sitt inntog med brask og bram i Fitjar for snart sju år sidan, kasta heile 60 damer seg ut i dansen. Den heitaste zumbafeberen varte ikkje så lenge, etter ei tid var zumbadamene på Fitjar Treningssenter nede i eit moderat tal på rundt eit dusin.


Trude Strand køyrer musikken via mobiltelefonen sin. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Men dei ivrigaste zumbadansarane vore har vore både iherdige og uthaldande. Blant desse finn me ikkje minst Trude Strand, som er hovudinstruktør i zumbaen i Fitjar Treningssenter/Idrettslag. Ho fortel til Fitjarposten at interessa har teke av igjen dei siste månadene, og i fjor haust var dei ofte oppe i over 20 damer på zumbatrening, som blir avvikla ein gong i veka. 

 

Dagens zumbamaraton var open for både medlemmer i Fitjar Treningssenter og andre interesserte. Og ein del ikkje-medlemmer nytta sjansen til å hengja seg med i dansen, slik at vel 30 damer blei med på den tre timar lange økta i Kultursalen i FKIB i dag. Og i fremste rekkje stod Trude Strand, meir eller mindre samanhengande i tre timar. 

 

Ho hadde rett nok litt hjelp av eit par lokale ungdommar og nokre instruktørar frå Heiane Treningssenter. Men det var Trude som gjorde mesteparten av jobben, og sørgde for at vel 30 damer kom seg gjennom ei skikkeleg maratonøkt i dag. Ho verka ikkje særleg sliten, eigentleg uforskamma sprek etter maratonløpet, men ho vedgår at ho kjenner det i beina. 

 

Kvar tysdag er det zumba i speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Trude ser gjerne at alle dei som var med på maraton i dag, kjem att. Zumba er god trim! 

 


Vel 30 damer svingar seg i zumbadansen. Foto: Kjetil Rydland.