Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR. 

Vipe på Fitjar i dag!

I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

 

Det er Jostein Prestbø som kjem med den rekordtidlege vipeobservasjonen i dag.

– Ho såg kald ut den vipo som tusla rundt på Prestbø i dag, før ho tok vengene fatt og flaug over Gamlebanken bort til stranda ved Havnahuset, seier Josten til Fitjarposten.

Han fortel at han aldri har sett vipe på Prestbø tidlegare enn andre halvdel av februar. Det kan nok òg reknast for ein tidleg observasjon av vipe. 

Men for seks år sidan fekk me to vipeobservasjonar i slutten av januar. Den gongen høyrde Siri Haveland vipesong på Tislavoll 28. januar, og dagen etter fekk ho sjå fuglen. Same dagen såg Lars J. Rydland to viper på bøen utanfor huset sitt på Rydland.

Saman med tjeld og stare er vipo ein av dei første fuglane som kjem tilbake til våre breiddegrader frå varmare strøk, men dette er vel i tidlegaste laget? 


Vipe i flukt. Foto: FP-arkiv/KR.