Det vert ikkje masseutsending av SIM sin tømmekalender i år heller, men det finst fleire måtar å få tak i han på. (Faksimilie: SIM)
Kor blir det av tømmekalenderen?
Det vert ikkje masseutsending av SIM sin tømmekalender til alle husstandar i år heller. Grunnen kan du lesa i artikkelen under.
– Me har ikkje lyst å printa ut fleire kalenderar enn nødvendig, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.
Ho minner om at det finst fleire måtar å få tak i den same informasjonen. Selskapet har ein funksjonell tømmekalender-app, og via nettsidene kan me printa ut kalenderen.
Ho legg til at alle som ynskjer det kan få papirkalender. Det er berre å venda seg til kundetorget i Fitjar rådhus eller miljøsentralen i Svartasmoget.
Som kundar har me då fleire alternative måtar og få tak i kalender på:
1. Printa ut ein versjon frå nettsidene til sim.as
2. Henta tømmekalender ved ein av miljøsentralane
3. Henta tømmekalender på rådhuset/kommunehuset
4. Be SIM senda ein kalender i posten.
Årets tømmekalender gjeld fram til påske. Frå 9. april vil det koma ein ny renoavsjonsordning. I løpet av februar/mars vil me få ny tømmekalender og nødvendig informasjon om den nye ordninga, legg Janne Hillersøy til