A-lagstrenaren lar venta på seg

Fitjar har ikkje fått på plass trenar til A-laget i fotball komande sesong, får me opplyst på velinformert hald i fotballgruppa.

 

Seniorleiar Terje Tislevoll stadfestar overfor Fitjarposten at Kjell Træet, som har trent A-laget dei siste seks sesongane, ikkje blir med vidare. Heller ikkje hjelpetrenar Trond Henriksen skal vera aktuell for årets sesong. 

 

Eit utval som består av Johnny Helland, seniorleiar Tislevoll og dei to spelarane Jan Åge Tislevoll og Helge Træet, arbeider med trenarspørsmålet, får me opplyst. Dei forhandlar i desse dagar med ulike kandidatar. Det skal vera kontakt med både lokale krefter og andre litt meir langvegsfarande, skal me tippa Stord?

Terje Tislevoll reknar med at dei har A-lagstrenaren klar i løpet av få veker. Det begynner å hasta, og me vonar dei lukkast snart.