Arbeidet i vindparken forsinka av tidleg vinter

Men dagleg leiar Erik Mortensen satsar på at dei gigantiske turbinane vil bli montert i Fitjarfjellet i april, som planlagt.

Planen var at anleggsarbeidet skulle vere ferdig i desember, men tidleg vinter i fjellet gjer at dei treng meir tid på herdeprosessen.

– Det einaste som ikkje har gått på skinner er at vinteren har kome tidlegare i år. Det gjer at me bestemte oss i desember om å la stavane som me borer ned i fjellet få herde lenger. Difor jobbar me vidare med grunnarbeidet i januar, seier Mortensen.

Forsinkinga har likevel ingen påverknad på framdrifta av arbeidet med byggetrinn 3. Totalt skal 11 turbinar skal monterast, som vil bli større i både høgde og vingespenn enn dei eksisterande. Vingene vil vere heile 117 meter, mot 100 meter i dag, og turbinane målar imponerande 91 meter.

– Det er framleis planen at me skal begynne å transportere deler av turbinane i starten av april. Det første heisløftet er planlagt 14. eller 15. april.

Først skal dei svære turbinane kome i land på Eldøyane, før dei blir transportert nordover langs E39, gjennom Fitjar sentrum og vidare oppover mot Midtfjellet.

– Det vil bli eit spektakulært skue når turbinane kjem gjennom Fitjar sentrum. Dei store tunge transportetappane vil bli gjort på nattestid, seier Martinsen.

Etter planen vil arbeidet bli ferdig i løpet av sommaren, og turbinane skal vere i drift innan oktober i år.