Øyvind Skålevik smiler tappert i den sure motvinden. Arne Raunholm og Finn Ingvar Havnerås er litt meir alvorlege. Foto: Kjetil Rydland. 

Rundt 50 idrettsmerke etter innspurt på nyårsaftan 

Tradisjonen tru samla frostige eldsjeler i Fitjar Idrettslag etternølarar til idrettsmerkeprøvar på nyårsaftan. Øyvind Skålevik reknar med å runda 50 merke også i 2017, når den siste finteljinga er ferdig.

 

Dermed kan me slå fast at tala på idrettsmerke i Fitjar framleis er gode, sjølv om dei var endå betre for nokre år sidan. Fitjar var i fleire år heilt i eliten landet med omsyn til idrettsmerke i forhold innbyggjartalet, og Fitjar Idrettslag hausta velfortent heider for arbeidet sitt. Resultata dei siste åra har ikkje våre fullt så imponerande, men rundt 50 idrettsmerke totalt er svært bra. 


Sonja Pedersen ser at Arne Raunholm har klart kravet. Foto: Kjetil Rydland. 

Tradisjonen tru var det hektisk aktivitet på banen i Fitjar Idrettspark på nyårsaftan føremiddag. Som vanleg stilte Øyvind Skålevik, Finn Ingvar Havnerås og Sonja Pedersen velvillig opp med stoppeklokker og målband for å hjelpa etternølarane gjennom krava. Kulestøyt, 60 meter, 3000 meter, spensthopp, stille lengde og 10 000 meter (25 rundar rundt banen) stod på programmet. 

 

Det var 22 kvinner og 27 menn som gjennomførte og fekk godkjent alle prøvane til idrettsmerket i Fitjar i fjor. Desse tala, og namn på merketakarane, finn du på nettsida til Fitjar Idrettslag. Her finn du og vedlegget «Adelsmerket2013», som viser alle som er registrert med godkjende merkeprøvar i Fitjar mellom 2002 og 2013.

http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948502559

Øyvind Skålevik i Fitjar Idrettslag tek eit lite atterhald om at det kan dukka opp endå litt fleire idrettmerke, når dei endelege tala frå krinsane tikkar inn.

 


Anne Brakedal ser litt skeptisk ut, men det har ho ingen grunn til. Spensthopp er enkelt å klara. Foto: Kjetil Rydland.