Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Godt nyttår – og takk

Når denne saka kjem på lufta skriv me 2018, og underteikna er ikkje redaktør i fitjarposten.no lenger. Det gjev grunn til takk.

Først vil eg takke alle mine medarbeidarar som gjennom åra har gjort sitt til for at fitjarposten har kunne skapa fitjaridentitet, løfta fram «små» saker som ikkje andre aviser har skrive om – og vore eit bindeledd mellom den einskilde fitjarbu og kommune/næringsliv.

Medarbeidarar som har stått på med stor dugnadsinnsats. langt utover dei dei etter kvart vart løna for. Tusen takk til alle, både styre, stab, grafisk, redaksjon og dei som har skrive. Takk og til alle lesarar som har kome med tips, godord og klapp på skuldra. Det har betydd mykje.

Så vil eg takka samarbeidspartnarar og næringsliv og kommune. Eg opplever at det har vore et godt og hyggeleg samarbeid som har fylt meg med takksemd og glede. Utan dykk hadde det sjølvsagt vore umuleg å halda det gåande. Fitjarposten har jo ikkje hatt betalande abonnentar eller nokon form for pressestøtte.

Viidare er eg svært takksam for at stord24.no no tek over. At dei har sagt at dei vil føre fitjarposten.no vidare slik sida er, fyller meg med glede. Likeeins at Kjetil Rydland vert med på laget vidare. Det borgar for eit trygt framhald. Få kjenner Fitjar og fitjarposten så godt som Kjetil. Sjølv vil eg bistå på sal i ein overgangsperiode for at overgangen og på dette området skal bli så bra som mogleg.

Igjen – tusen takk til dykk alle.

No er det meir familiære oppgåver som vil fylla det meste av tida mi. At det kan koma ei lokal bok eller liknande kan godt vera, men det får tida syne.

Til slutt vil eg ønske dykk alle EIT VELSIGNA NYTT ÅR. Eit år med ny sjansar og mogelegheiter. Måtte me alle nytta dei vel.