Illustrasjonsfoto: Frå nyårsaftan på FItjar eit tidlagare år. Foto: Fp-arkiv/HCH

I tide, men ikkje i utide

Mellom klokka 18.00 og 02.00 i kveld/natt er det tillate å skyta opp fyrverkeri. Utanom desse tidene må ein ha spesiell tillating for å ikkje risikere å bli bøtelagt.

Brannsjef Tore Nesbø i Fitjar vil minne om desse reglane, men er like mykje oppteken av at fyrverkeri vert handsama med respekt. – Fyrverkeri er fårlege greier om det ikkje vert handsama rett og med varsemd, seier han, og fortset:

– I det siste har me og hatt mykje fokus på at dyr og fyrverkeri ikkje er nokon god kombinasjon. – Så prøv å halda hund og katt inne i kveld, oppmodar han.

Det er elles verdt å ta ein kikk på reglane om fyrverkeri som me finn på sikkerhverdag.no, og som du kan lesa her.

En del regn og vind frå sørvest, men ikkje verre enn at det skulle gå greitt å skyta opp raketter i kveld.